Takk for det gamle

Share

2008 er i ferd med å renne ut. Det har vore mykje styr om fyrverkeri, men no har eg høyrt på smell og rakettar heile kvelden, så anten har folk store lager av fyrverkeri frå i fjor som dei vil sende opp i lufta, eller så har dei kjøpt alt for mykje i år med det nye systemet.

Sjølv har eg aldri brukt pengar på fyrverkeri. Det næraste eg har kome er slike stjerneskot som ein held i handa og svingar. Enkelte år har eg kjøpt ein pakke av desse. Men eg er blitt meir og meir glad i å sjå på fyrverkeri på TV, utan lyd og langt borte.

Når eg skal takke for året som gjekk, vil eg i særleg grad takke alle som var med og fekk Valle Radio på lufta med program i året som ligg bak oss. Om du går gjennom bloggen, vil du sjå at det er ganske mange folk som har vore innom i studio og ganske mange tema som har vore omtalte i året som gjekk. I tillegg kjem programleiarar, teknikarar og telefonvakter. Det er lagt ned nokre timars dugnad for at radioen skal kunne kome på lufta.

Og så vil eg takke dykk som les bloggen min. Nokre av dykk har til og med kommentert. Eg skulle jo ønske at fleire hadde tasta ein kommentar eller to, men i løpet av 2008 har over 30.000 vore innom på bloggen. Mange er sjølvsagt dei 20 som abonnerer på den og får ei lenke i innboksen kvar gong eg har skrive noko. Andre har nok funne noko då dei søkte på google som har ført dei til min blogg. Det kan eg ikkje finne ut frå statistikken eg får. Men statistikken syner at det har vore om lag 200.000 pageviews, sidevisningar i 2008. Eg vonar dei som har vore inne, har hatt glede av å lese bloggen min og fått vite meir om Valle Radio enn dei elles ville ha visst.

Ei kjelde til kontakt har bloggen også vore. Ikkje alle som les, skriv kommentar. Men av og til får eg kommentar munnleg eller pr. epost som syner at bloggen er lesen. Nå er ikkje målet mitt å vere kontroversiell og få kommentarar av den grunn. Eg vil spegle eit normalt samfunn, der er det som oftast lite diskusjonar og dramatikk, men meir ein høvisk samtale om aktuelle tema.

I kveldens nyttårstale http://no.wikipedia.org/wiki/Nytt%C3%A5rstalen_2008 siterte Kong Harald den engelske presten og diktaren John Donne som sa at «Intet menneske er en øy – hel og ubeskåren i seg selv». Slik fungerer bloggen til å byggje bru, som Valle Radio.

Godt nytt år.

Bøker er den beste jolegåva 2

Share

Av og til føler eg det slik at det einaste eg kan kjøpe det er kolonialvarer og bøker. Andre butikkar går eg greitt forbi, men ein bokhandel fungerer som fluepapir. Fretex og bruktbutikkar har same funksjonen, og i dag saug ein slik butikk i Mandal meg inn til ein halv time framom bokhylla. Ut kom eg med fire bøker til Fretex-pris. Men så var det å få lest dei.

Ei av bøkene var Sigvard Engesets Slik som det var, ei minnebok den kjente salmediktaren gav ut i 1974, same året som han døydde. Han døydde forresten 1. juledag. Her er lenke til artikkel om han på wikipedia. http://no.wikipedia.org/wiki/Sigvard_Engeset

Kan hende kjem det meir seinare, men det får vere nok for i kveld

Obama-scoop

Share

Valle Radio fikk Obama-scoop var tittelen på ein artikkel i Fædrelandsvennen si nettutgåve lille jolaftan. http://www.fvn.no/lokalt/setesdal/article636620.ece

Der får vi høyre historia om korleis vi fekk eit intervju med Paul Harstad, som har vore rådgjevar for Obama i valkampen. Det står i artikkelen at intervjuet er på nettsidene til Valle Radio, men det var der bare som streama sending lille jolaftan, og det ligg der ikkje no lenger.

Men artikkelen på Fædrelandsvennen sine sider er større enn den som var i papiravisa, så du kan lese meir om saka der, sjølv om du ikkje får høyre intervjuet.

Du finn meir om Obama på wikipedia, sjå http://no.wikipedia.org/wiki/Obama

Deilig er den himmel blå

Share

Det er jo naturleg at wikipedia i joletida får artiklar som handlar om jol. I dag kom det ein som skreiv seks ord etter at tittelen over var skriven. Kjent julesalme. Dansk folkemelodi. Tekst : N. Grundtvig Bare tre av desse orda var rette. Salma har ikkje ein dansk folkemelodi, og diktaren heiter ikkje N., om ein skal bruke initialar, må det bli N.F.S.

Av og til lurer eg på korleis folk får seg til å skrive så lite når dei får god plass i det redigeringsvinduet dei opnar når dei skal skrive ein artikkel. I dette tilfellet valde eg å utvide artikkelen, slik at du finn han noko meir fyldig no:
http://no.wikipedia.org/wiki/Deilig_er_den_himmel_bl%C3%A5

Det er og lenke til den danske artikkelen der. Frå den kan du finne lenke til den originale teksten på 19 vers på dansk. Grundtvig sjølv redigerte den ned til sju vers, som er dei vi kjenner frå salmeboka nr. 93, eller nr. 94 som er Anders Hovden si omsetjing til nynorsk.

Lunds sang- og salmeleksikon fortel at dette er den første salma Grundtvig skreiv. Det skjedde mellom to psykosar, han hadde ei veke då han ikkje var sjuk på sinnet og som gav ro og fred til å skrive denne teksten, som jo sidan har vore til stor glede kvar einast jol. Og framleis vert han sungen både på joletrefestar og i kyrkja, nesten to hundre år etter at han vart dikta.

Diktar og salme

Share

I dag har eg skrive om den danske diktaren Christian Richardt på Wikipedia.
http://no.wikipedia.org/wiki/Christian_Richardt Det var han som skreiv Alltid Freidig, så eg skreiv like godt noko om salma og. http://no.wikipedia.org/wiki/Alltid_freidig

Salma er ei av dei som vert mykje brukt i kyrkjene, både til bryllup og gravferd. Men opprinneleg var ho ein del av eit syngespel han laga om Tornerose. Riddaren forserer tornehekken og etter at han er komen gjennom, syng han denne songen. Deretter går han inn og vekkjer den sovande prinsessa.

Forfattaren var ein dansk prest og diktar som brukte lang tid på å studere fordi han var så interessert i teater, og då han var ferdig, drog han i 1861 på tur til Sør-Europa. Han kom heilt til Det heilage landet og reiste rundt der i fleire veker. Sidan kom han heim og vart styrar på ein folkehøgskole, men etter fem år der, søkte han endeleg prestekall.

Christian Richard har to andre salmer i Norsk Salmebok. Du som freden meg forkynner, nr. 338 og nr. 663, Du som veien er og livet. Dei kan vere gode å nynne på, både desse til melodi av Ludvig M. Lindeman, http://no.wikipedia.org/wiki/Ludvig_Mathias_Lindeman og Alltid freidig til melodi av Weyse, http://no.wikipedia.org/wiki/Christoph_Ernst_Friedrich_Weyse

Bøker er den beste jolegåva

Share

Når det gjeld jolegåver, er det sjølv i vår dataspeltid ikkje så dumt med bøker. Eg fekk ei bok til jol i år, og har humra meg gjennom 100 sider sidan i går kveld. Omtalen av boka er slik:

Boken skildrer forfatterens tid på Menighetsfakultetet på 1960-tallet. I første del forteller forfatteren om hverdagen i det teologiske studentmiljøet. Andre del er viet det nynorske studenthårklippelaget Firda Maskinlag L/L, og tredje del tar for seg professorene og lærerne ved fakultetet. Har navneliste.

Det handlar om Anfin Skaaheims bok: Herlig er studentens kall! om studentlivet på MF på 60-tallet med teikningar av Oddvar Søvik. Små humoristisk skisser der prestespirer er omtalt. For den som kjenner nokre av desse eller har lese om dei i ulike samanhengar, er det eit interessant innblikk i det som gjekk føre seg medan dei studerte. Til dømes om studenten som kom opp i latin, eit fag som ikkje hadde mykje med teologi å gjere, og som fekk ein tekst han ikkje hadde sett før. Han reiste seg og sa: Takk, eg kjem heller attende eit anna år. Sjølv om det nok kosta eit halvt år ekstra studium å seie det.

På den tida hadde ein ikkje mobiltelefonar, så det var ein telefon i avisromet på MF der ein kunne få tak i studentane. Regelen var at den som sat nærast telefonboksen, måtte svare, og kanskje ta turen på lesesalen for å finne den telefonen var til, noko som gjorde at ein sette seg så langt borte frå boksen som råd. Ein gong kom Karsten Isachsen gjennom romet akkurat då telefonen ringde, og han lest som han ikkje høyrde, men gjekk rett forbi. Han vart fort hanka inn og måtte svare, og då leika han telefonsvarar: Dette er en automatisk telefonsvarer fra Menighetsfakultetet. Alle studentene er på forelesning nå.

Eg trur eg vil få med meg nokre sider til, å lese bøker er ein triveleg joleaktivitet.

Gledeleg jol

Share

Så har vi feira jol med alt det jola ber med seg av tradisjon og minne. Joleglede over fellesskap og gåver er vel kjensler dei fleste kan finne att. Men jola er og ein periode med sakn for mange. I Dagsrevyen i dag var det fokus på dei mange borna som opplever at foreldre drikk for mykje i samband med jolefeiringa og slik skaper ein utrygg situasjon i heimen.

Sjølv har eg fått oppleve velsigninga i å feire jol med nokre av våre nære i stova heime, og samstundes ha kontakt med andre gjennom telefon for å takke for gåver og helsingar.

Dykk som eg ikkje når på den måten vil eg ønske ei velsigna jol gjennom bloggen og takke for at du les mine små epistlar.

Siste sending i 2008

Share

Tysdag 23. desember

17:00 Sending frå Valle sendtrum ved Bjørgulv T. Berg. Trekning av Valle sentrumsforening sitt store jolelotteri.

Dagen før dagen:
18:00 Årsavslutning med tankar frå Bibelen
18:30 Øyvind og Ørnulf med gjester i studio ringer rundt til setesdølar i utlandet.
19:45 Intervju med Paul Harstad, ein av Barack Obama sine støttespelarar i valgkampen.
20:15 Samtale med Ordførar Bjørgulv Sverdrup Lund som ynskjer innbyggjararane i Valle God jol.

Valle Radio vil ynskje God jol og Godt nyttår til alle lesarane og til alle våre støttespelarar.

Obama-rådgjevar på Valle Radio
Det vart lagt merke til då Setesdølen tidlegare i haust kunne avsløre at ein av dei fremste rådgjevarane til Barack Obama i valkampen i USA var Paul Harstad, som har røter i Valle. Oppslaget vart nytta også i Agderposten og VG, og endåtil nemnt i Torsdagsklubben (sjølv om glupingane der plasserte Setesdal i Telemark).

På Valle Radio
No har også Valle Radio snakka med Paul Harstad. Innslaget, som er mest ein halvtime langt, er lagt ut på Valle Radio sine nettsider. Der kan du høyre meir om forholdet han har til Valle og Setesdal.

Slik stod det i Setesdølen i dag, 23. desember.

Heim til jol

Share

Dei har det ikkje lett som skal krysse Noreg på tvers i denne førjolstida. Ei stund var einaste alternativet å ha kolonnekøyring over Haukeli, elles var alt stengt. Det frista ikkje mykje,s å eg er glad at eg er komen heim til jol og alt no veit at eg ikkje skal dra nokon stad.

Sigmund og Margareth valde å ta fly til Vigra. Han fortalde at det humpa litt, men dei kom seg vel fram til Sula der dei skal feire jol i år. Det minte meg litt om 91 Stomperud, vi måtte alltid ha joleheftet om han i jola, og han kom seg heim til jol, gjerne ned frå lufta, etter mange viderverdigheter. Og der stod mor Stomperud og ønska han velkomen heim til pølser og jolemat i lange banar. Uansett kor mykje godt ho hadde laga, så stappa han det i seg, og var like tynn.

I det verkelege livet er det litt meir komplisert, noko som gjer at dei sju sortane kan reduserast til tre-fire, og det meste er inn-og-ut-kaker som til slutt vert ståande til neste jol. Av middagar held vi på tradisjonen med ribbe, men porsjonane er på langt nær så store som 91 Stomperud sine, og pølseetinga strekk seg til ein smakebit på ei halv eller ein kvart snabb.

Sjølv om maten er viktig for jolefeiringa, er det nok like gjerne høvet til å vere saman, legge puslespel eller spele brettspel, prate og nyte nokre fredfulle dagar, som er det vi gleder oss over. I denne søte joletid held jolebreva stand, dei tek til å kome i postkassen no, og vi les og gleder oss med veneer og slekt rundt om i landet over nytt og gamalt nytt.

Slik er det å vere heime i jola.

Lang pause

Share

Endeleg tid for nokre ord på bloggen att. Det vart ein lang pause med influensa og styr, men no er eg etter kvart komen i form att. Det vart akkurat til joleferien, det, men radioen si jolesamling på Valle Motell tredje sundag før jol måtte eg stå over, då fraus eg og sveitta på same tid.

Sist veke sende eg denne meldinga til Setesdølen, og det var om lag alt eg fekk gjort:

Tysdag 16. desember
Sendinga avlyst på grunn av sjukdom.

Onsdag 17. desember
Teknikar: Torhild Sandnes
18:00 Kommunestyremøte

No står det att ei sending i dette året. Det vert lisle joleptkvelden. Dei programleiarane og teknikarane som er i Valle skal ha fordelt oppgåvene for den sendinga mellom seg, så eg får bare vente og sjå i avisa kva som står der når det gjeld sendinga den kvelden.

Styret har vedteke at vi skal kjøpe digitale opptakarar til programleiarane, så det vert ei fin jolegåve vi kan ta i bruk på nyåret. Då vonar eg at vi kan verte meir aktive med å lage stoff utanom studio. Den siste tida har mykje vore basert på at folk har kome i studio, noko som jo ikkje høver alle gonger.

Det får vere alt for i kveld.