Ånund K. fekk jolestjerne

Share

Det var ei glede å lese i Fædrelandsvennen at Ånund K. Homme hadde fått jolestjerne frå avisa. Han har hatt ei aktiv tid med Setesdalsforlaget etter at han vart pensjonist, 170 bøker har han gitt ut, mange av dei har han tasta sjølv, alle har han hatt layout på. Det tyder på mange timar framom PC-en. I tillegg har han funne tid til Valle Kunstlag og Valle Pensjonistforening.

Eg vil her trekkje fram ei side som gjeld Valle Radio. Når vi får ein halv time utan program, så tyr vi til ein kassett frå samlinga han laga til oss då Valle Radio starta opp. Dei kan heite Gamle svisker, På dansefot eller eit anna namn, og så får vi musikk presentert av denne kulturentusiasten. Desse programma er sette saman på ein variert og harmonisk måte, det er ei glede å høyre på han.

Bakgrunnen hans for å kunne lage desse programma er ei levande interesse for musikk og ei platesamling som ikkje vert mindre med åra. Det heile starta då han og Nella budde på Sunnmøre og Ånund dreiv ungdomsklubb med diskotek der i Herøy kommune. Dette gjorde han i tillegg til å vere lærar, og han hugsar på elevane han har hatt og fylgjer med korleis det går dei.

Også i haust har han tasta inn fleire bøker og hatt layout på andre. Ei av dei var av ein gamal kollega av meg: Vidar Bergset frå Stryn, som har skrive forteljingar om og for born, gode å lese for vaksne og. Kanskje du har høyrt han i Sangtimen, http://www.nrk.no/programmer/radioarkiv/sangtimen/3034099.html

2 tankar om “Ånund K. fekk jolestjerne”

  1. K’en står ikkje for Knutson, vil bygdefolk vite. Far skreiv namnet sitt som i norrøn tid, unnateke kasusendingane, då; altså Ketil.
    Det var aktive år i Herøy, og det er gildt når gamle elevar kjem og helsar på gamelæraren sin.
    Det siste nye er at Fosnavåg vart Noregs næringsby nr. 1. Det var bladet Kapital og Trygve Hegnar som stod for den kåringa.
    http://www.smp.no/section/NYHETER07/1009
    Her ser du ordf. – gamal elev – tek imot den store æra. Mange av elevane mine har gjort det godt. Nemnast kan Havila, REM Offshore og Olynpic Shipping.

  2. Linken til Sunnmørsposten YTRE endrar seg heile tida. Nett no har Arnulf ordførar kome eit stykke nedpå sida. Brørne Åge og Stig i høvesvis REM Offshore og Olympic Shipping har kome inn – dei merkar vel også litt til nedgongstidene.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *