Finn Emanuel og Internatmøta i Valle

Share

For eit par veker sidan skreiv eg om Finn Emanuel Olsen, han som var landsungdomssekretær i Indremisjonsselskapet og seinare reisesekretær i Bibelselskapet, men som og er kjent som kunstmålar. Alt då skulle eg ha visst det, men det var gått i gløymeboka for meg, men han hadde eit tettare forhold til Valle enn bare å vere innom som predikant av og til og elles stoppe og måle motiv frå bygda. Det fann eg ut då eg bladde i Valle Indremisjon 100 år, ei bok som Sverre Lund vel hadde mykje av arbeidet med. Den kom ut i 1991, trur eg, det var like etter at eg var komen til Valle at den festen vart halden.

Alt då kunne ein ikkje unngå å legge merke til det tette samarbeidet det hadde vore med prestane gjennom åra. Trygve Nordtvedt, Åsulv Austad, Sverre Olsen og Leif Raustøl var kjære vener av Valle Indremisjon. Ingen kunne heller snakke med Sverre Lund i den tida utan at han nemnde Internatmøtene i Valle. Sverre var sorgfull fordi dei ikkje lenger kunne haldast i Valle, dei var flytt til Hovden Høyfjellshotell nokre år tidlegare.

Den som hadde ideen til internatmøta, det var den før omtalte Finn Emanuel Olsen. Sverre Lund skriv om det på side 33 i boka. Fyrst var folk i Valle nokså lunkne til å halde eit slikt arrangement, men Finn Emanuel lirka det til og fekk overtydd folk om at det ville føre til mykje velsigning for bygda, og nokre år etter krigen starta desse møta, som vart haldne på seinsommaren og kunne samle fleire hundre tilreisande deltakarar, alle innkvarterte rundt om i bygda dei fyrste åra, sidan vart campingplassane etter kvart populære å bruke til overnatting. Indremisjonen stilte opp med sine mest kjende talarar på desse arrangementa, møtene var i kyrkja og så var det felles mat i Valle menighetshus.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *