Finn Emanuel Olsen i Fjellgardane kyrkje

Share

Eg sit med eit nydeleg festskrift i handa: Frå Hovden kapell til Fjellgardane kyrkje. ISBN 978-82-993662-1-2 På side 23 er det bilete av frontpartiet med bileta av Finn Emanuel Olsen, eit bilete på kvar side og ein kross av bjørketre mellom. Det gjev eit tiltalande inntrykk.

På side 25 kan ein lese: Utan at vi veit når, eller av kven, var kunstnaret Finn Emanuel Olsen beden om å lage altarmåleri til kapellet. Det kom på plass ein augustdag i 1959.

Festskriftet fekk eg av Kjetil Kyrvestad i kveld, han hadde fått det då det kom ut i fjor og hadde merkt seg at Finn Emanuel var nemnd der. Så skaffa han eitt til meg og. Det er eit interessant skrift, og sjølv om det no er nokre år sidan eg var der, er det alltid gildt med informasjon om om kyrkjene ein besøkjer. Så eg er svært takksam til Kjetil for dette.

Ei litt spesiell historie er det at løyvet til å starte arbeidet med kyrkja vart gjeve den dagen kong Haakon VII steig i land i Noreg att etter krigen, 7. juni 1945. Men arbeidet gjekk seint i attreisingstida etter krigen, så det gjekk heile 12 år før ho kunne vigslast. Biskop Johannes Smidt fastsette dagen til 22. september, då var det visitas i Valle prestegjeld. Men natt til 21. september døydde kongen, det la nok ein dempar på festivitasen.

Det hadde vore greitt å fått på plass ei liste over offentlege rom som har fått utsmykking av Finn Emanuel. Om eg finn meir, vil eg kanskje kome med ein ny rapport på bloggen.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *