Heim til jol

Share

Dei har det ikkje lett som skal krysse Noreg på tvers i denne førjolstida. Ei stund var einaste alternativet å ha kolonnekøyring over Haukeli, elles var alt stengt. Det frista ikkje mykje,s å eg er glad at eg er komen heim til jol og alt no veit at eg ikkje skal dra nokon stad.

Sigmund og Margareth valde å ta fly til Vigra. Han fortalde at det humpa litt, men dei kom seg vel fram til Sula der dei skal feire jol i år. Det minte meg litt om 91 Stomperud, vi måtte alltid ha joleheftet om han i jola, og han kom seg heim til jol, gjerne ned frå lufta, etter mange viderverdigheter. Og der stod mor Stomperud og ønska han velkomen heim til pølser og jolemat i lange banar. Uansett kor mykje godt ho hadde laga, så stappa han det i seg, og var like tynn.

I det verkelege livet er det litt meir komplisert, noko som gjer at dei sju sortane kan reduserast til tre-fire, og det meste er inn-og-ut-kaker som til slutt vert ståande til neste jol. Av middagar held vi på tradisjonen med ribbe, men porsjonane er på langt nær så store som 91 Stomperud sine, og pølseetinga strekk seg til ein smakebit på ei halv eller ein kvart snabb.

Sjølv om maten er viktig for jolefeiringa, er det nok like gjerne høvet til å vere saman, legge puslespel eller spele brettspel, prate og nyte nokre fredfulle dagar, som er det vi gleder oss over. I denne søte joletid held jolebreva stand, dei tek til å kome i postkassen no, og vi les og gleder oss med veneer og slekt rundt om i landet over nytt og gamalt nytt.

Slik er det å vere heime i jola.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *