Takk for det gamle

Share

2008 er i ferd med å renne ut. Det har vore mykje styr om fyrverkeri, men no har eg høyrt på smell og rakettar heile kvelden, så anten har folk store lager av fyrverkeri frå i fjor som dei vil sende opp i lufta, eller så har dei kjøpt alt for mykje i år med det nye systemet.

Sjølv har eg aldri brukt pengar på fyrverkeri. Det næraste eg har kome er slike stjerneskot som ein held i handa og svingar. Enkelte år har eg kjøpt ein pakke av desse. Men eg er blitt meir og meir glad i å sjå på fyrverkeri på TV, utan lyd og langt borte.

Når eg skal takke for året som gjekk, vil eg i særleg grad takke alle som var med og fekk Valle Radio på lufta med program i året som ligg bak oss. Om du går gjennom bloggen, vil du sjå at det er ganske mange folk som har vore innom i studio og ganske mange tema som har vore omtalte i året som gjekk. I tillegg kjem programleiarar, teknikarar og telefonvakter. Det er lagt ned nokre timars dugnad for at radioen skal kunne kome på lufta.

Og så vil eg takke dykk som les bloggen min. Nokre av dykk har til og med kommentert. Eg skulle jo ønske at fleire hadde tasta ein kommentar eller to, men i løpet av 2008 har over 30.000 vore innom på bloggen. Mange er sjølvsagt dei 20 som abonnerer på den og får ei lenke i innboksen kvar gong eg har skrive noko. Andre har nok funne noko då dei søkte på google som har ført dei til min blogg. Det kan eg ikkje finne ut frå statistikken eg får. Men statistikken syner at det har vore om lag 200.000 pageviews, sidevisningar i 2008. Eg vonar dei som har vore inne, har hatt glede av å lese bloggen min og fått vite meir om Valle Radio enn dei elles ville ha visst.

Ei kjelde til kontakt har bloggen også vore. Ikkje alle som les, skriv kommentar. Men av og til får eg kommentar munnleg eller pr. epost som syner at bloggen er lesen. Nå er ikkje målet mitt å vere kontroversiell og få kommentarar av den grunn. Eg vil spegle eit normalt samfunn, der er det som oftast lite diskusjonar og dramatikk, men meir ein høvisk samtale om aktuelle tema.

I kveldens nyttårstale http://no.wikipedia.org/wiki/Nytt%C3%A5rstalen_2008 siterte Kong Harald den engelske presten og diktaren John Donne som sa at «Intet menneske er en øy – hel og ubeskåren i seg selv». Slik fungerer bloggen til å byggje bru, som Valle Radio.

Godt nytt år.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *