Skuleveg og snøscooter

Share

Det er mange saker ein kommunepolitikar skal setje seg inn i. Til siste møte i kommunstyret var det fem saker av svært ulik karakter:

PS 5/09 Tildeling av ervervsløyve for snøscooter 2008-2012
Denne saka skuldast at søknaden til Niklos T. Brokke ikkje hadde kome med i første omgang, sjølv om han var ein av dei fyrste som søkte. Talet på ervervsløyve vart utvida til 11 og det siste fekk Niklos T. Brokke av eit samrøystes kommunestyre.

PS 6/09 Ny handsaming- Løyve til skjenking av alkoholhaldig drikke, Brokke Alpinsenter A/S
Her vart det gjeve løyve til å skjenke alkohol (øl og vin) etter at heisen var stengt, frå 30. januar 2009 til 30. juni 2012 mot to stemmer.

PS 7/09 Klage på vedtak om skuleskyss
Rådmannen, i dette tilfellet rådmannen i Bykle, då rådmannen i Valle hadde handsama saka før, sitt forslag var å avslå klagen. I møtet kom det eit framlegg frå Steinar Kyrvestad: Valle kommune tilbyr gratis skuleskyss til dei elevane som etter Opplæringslova ikkje har rett til dette. og eit framlegg frå Annbjørg Lindland Uppstad: Alle som bur nord for Tveitebøkrysset skal få fri skuleskyss.. Dette forslaget vart vedteke mot 8 stemmer.

PS 8/09 Framlegg til reviderte vedtekter for barnehagane
Dette vart vedteke som framlegget frå rådmannen, men eit tilleggsframlegg frå Ove Lund fører til at opningstida vert frå 6:45 til 16:00.

PS 9/09 Mogeleg sal av bustad gnr. 45, bnr. 8 og 9
Hallvard Mosdøl fekk kjøpe legebustaden for 1,7 millionar + omkostningar. Men 7 stemte i mot dette.

Så kunne ein lese opp protokollen og ta ein kopp kaffe før ein gjekk heim.

Lokal forvaltning og lokalt vern

Share

Eg hugsar då lokal forvaltning av Setesdal Vesthei – Ryfylkeheiane Landskapsvernområde vart etablert.
http://no.wikipedia.org/wiki/Setesdal_Vesthei_%E2%80%93_Ryfylkeheiane_Landskapsvernomr%C3%A5de Alle var glade og meinte det var positivt at forvaltninga av området skjedde i nærleiken av området, og Valle fekk arbeidsplassen, sjølv om det jo ligg i 8 kommunar i tre fylker. Sekretariatet har ikkje forvaltningsmynde, det har kvar kommune for det arealet som ligg i kommunen.

I orienteringa som ordførar Bjørgulv Sverdrup Lund hadde til kommunestyret onsdagskvelden, fortalde han at no vil krefter endre på dette og sentralisere forvaltninga. Det er fire store landskapsvernområde som har lokal forvaltning. Utanom SVR er det Dovrefjell, Forellhogna og Blåfjella, og 12. februar skal desse ha møte med miljøvernminister Erik Solheim om saka. Målet er å vidareføre forvaltninga innanfor eit interkommunalt samarbeid, sa ordføraren.

Når Bjørgulv om 14 dagar skal møte miljøvernministeren, er det sikkert lurt om han samstundes har svar på kva Valle kommune vil gjere med Solblom for å sikre bestanden. Eg skreiv om det på bloggen 17. mai 2008, no er det snart gått eit år. http://valleradio.blogs.no/2008/05/17/solblom-4187823/ Her er meir om aksjonen til Solheim. http://www.dirnat.no/kommunearter

Folkehøgskulesaka

Share

Dette er ei sak som har hatt ein lang prosess og ofte vore omtala i Valle Radio, gjerne med intervju med prosjektleiaren.

I forkant av Ordføraren orienterer, i kommunestyret i går kveld,
orienterte saksordførar Anette B. Berg om arbeidet med skulegruppa. Ho kunne syne til at det kom mange gode ord i statsbudsjettet:

–Folkehøgskule for motorsport (frå statsbudsjettet)

–Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet, viser til at det er satt i gang arbeid med å starte en folkehøgskole med motorsport i Valle kommune. Flertallet ber om at det igangsettes en prosess mellom Valle kommune og Kunnskapsdepartementet for å se på mulige løsninger for å realisere Valle Folkehøgskole, herunder et eventuelt samarbeid om finansieringsmodell.

–Komiteens medlemmer fra Høyre viser til Høyres alternative budsjett der det foreslås å bevilge 3 mill. kroner til etablering av en folkehøyskole for motorsport i Valle kommune. Valle kommune vil samarbeide med Norges motorsportforbund om å etablere Setesdal folkehøgskole med fokus på motorsport etter at den videregående skolen i kommunen ble nedlagt.

–Komiteens medlem fra Kristelig Folkeparti viser til Kristelig Folkepartis alternative budsjett der det foreslås å øke bevilgningen til folkehøyskolene med 8 mill. kroner for å opprette en ny folkehøyskole i Kristiansand og i Valle.

Så får vi håpe at gode ord fører til noko meir.

Kommunestyremøte og spørjetime

Share

I går var det kommunestyremøte i Valle og møtet vart overført i Valle Radio. Eg hadde diverre ikkje høve til å høyre på, difor var det ei stor glede å få protokollen i dag og der kunne sjå kva folk hadde vore opptekne av i Spørjetimen.

Saksprotokoll i Kommunestyret – 28.01.2009

Toralv Andersen: For ei tid tilbake vart det bevilga pengar til aktivitetar på aldersheimen. Kva er stoda på dette?

Rådmann: Dette skal me kome tilbake til i neste møte.

 

Liv Tanche – Larsen: Skjønnsmidlar frå Fylkesmannen i Aust-Agder. Søknadsfrist er i februar.

Har Valle kommune tradisjon for å søkje om ekstra skjønnsmidlar – og i tilfelle til kva då?

Ordførar: Valle kommune skal vurdere alle høve til å søkje om slike midlar.

Rådmann: Skjønnsmidlar er ein del av rammetilskotsmidlar som skal nyttast til prioriterte prosjekt. Valle har søkt om midlar til utvikling av NAV-Setesdal. Søknaden vart avslegen.

Alle leiarane i Valle kommune har fått rundskrivet, og er bedne om å melde inn prosjekt der ein kan søkje om skjønnsmidlar.

 

Liv Tanche – Larsen: ”Heia Valle” – prosjekt for å auke folketalet. Kan dette vere eit prosjekt ein kan setje i gong?

Ordførar: Det er ein interessant tanke. Valle kommune har så vidt kome i gong med småbruksprosjektet. Dette er noko av same tanken. Problemstillinga ”Heia Valle” vert sett opp som drøftingssak i formannskapet.

 

Jon-Ola Rysstad: Kan Valle kommune kjøpe seg inn i ei eining i prosjektet som Bergsam har tenkt å gå i gong med? Dette for å få nye bustader i Valle.

Ordførar: Rådmannen bør lage ei sak der trongen for  nye bustader blir vurdert.

Rådmannen: Det står i rådmannens delegasjon at han fortløpande må vurdere sal av kommunale bustader. Det er og eit kommunestyrevedtak på at alle som bur i kommunale bustader og som arbeider i meir enn 50 % kan kjøpe hus/leilegheit etter takst.

 

Jon-Ola Rysstad: G/S veg til Honnevje. Er det mogeleg å informere politikarane om regelverket for dagbøter, og kvifor fekk ikkje Nomeland Anlegg dagbøter på Åsan?

 

Steinar Kyrvestad: Merknad til dagsorden. Ein bør vurdere gildskap. Er Jon – Ola Rysstad ugild til å stille ein slik førespurnad, då han er svoger til entreprenør?

Ordførar: Førespurnaden vurderast å vere av generell karakter, og kan difor stillast av Jon-Ola Rysstad.

 

Rådmann sitt svar til Jon – Ola Rysstad sin førespurnad: I slike kontraktsinngåelsar har kommunen sikra seg at dei kan ta dagbøter. Dette for å sikre seg at arbeidet blir ferdig innan fastsett tid. Kommunen nyttar heimelen til å krevje dagbøter både preventivt og for å kompensere for ulemper andsynes kommunen eller innbyggjarane. Det er denne vurderinga som er lagt til grunn for dei to anlegga som er nemnde.

Rådmannen orienterte elles  generelt om dagbøter.

 

Pål Dale: Krisepakke frå regjeringa. Kan kommunane gje eit innspel til AE om regjeringa si krisepakke? Dette for å fremje rein energi.

Ordførar: Eg skal vurdere om ein skal gå vidare med dette.

 

Såvi Nomeland: Massetak. Det har etterkvart blitt vanskeleg å drive som næringsdrivande grunna alt planarbeidet som er kravd. Det er store ulikskapar mellom planane som er kravd frå landbruket og krava til planar frå næringsdrivande.

Ordførar: Reguleringsplanar er juridisk bindande. Noko skjønn er det lagt opp til, og kommunen har tidlegare bede om innspel

Rådmann: Dette arbeidet er dekka gjennom kommuneplanarbeidet. Utfordringa kjem når ein har/ynskjer massetak som ikkje er innafor reguleringsplanar.

Eldsjeler

Share

I går brukte eg eit intervju eg hadde fått frå Nytt Liv Media i Stavanger. Det handla om Arvid Krogedal frå Sandnes. Han byggjer skole i Tanzania, og har vore der sidan før jul. Han har vore der nede fleire gonger for å hjelpe til i misjonsarbeidet.

No reiste han med heile storfamilien for å besøke dottera som er misjonær for Misjonssambandet, og denne gangen stoppa han igjen etter jul for å bli med på byggingen av en yrkesskole, ein av få i det store og folkerike landet. 40 millionar bur det i landet, som er tre gonger så stort som Norge, og dette var den fjerde største yrkesskulen. http://no.wikipedia.org/wiki/Tanzania

Eg hadde også eit anna innslag, frå radio Gnisten i Bergen, som hadde eit intervju med eit ektepar, Bergfrid og Andreas Kårbø frå Øygarden utanfor Bergen. Dei tok permisjon frå jobbane som lærar og driftsleiar i kommunen og reiste til Kenya for å hjelpe i misjonsarbeidet, ho som lærar på den norske skulen, han som ein som kunne hjelpe til med litt av kvart. To år var dei i Afrika og hjelpte til før dei kom heim att til sine faste stillingar heime.

I mange av programma har vi møtt eldsjeler, nokre har korttidsopphald i misjonsrelatert arbeid, andre, som Liv Godin, gjev heile livet i teneste for andre. http://no.wikipedia.org/wiki/Liv_Kyllingstad_Godin

Eg trur verda hadde vore fattigare utan slike eldsjeler. Det er ikkje bare i misjonen dei finst, i bygdene og byane rundt om finn du dei og. Dei går midt mellom oss utan å alltid vere så synlege. Og gjer oss rikare når vi møter dei.

Jorda rundt frå Valle

Share

Om ein ser litt på kven som bur i Valle og spør dei om lag 1300 innbyggarane om kor tankar og slikt går, trur eg at dei fleste land i verda er inkludert. Mange flyktningar har budd eller bur i Valle, i desse dagar kjem 15 nye frå Burma i tillegg til dei vi alt har. Utanom desse har vi folk frå Russland (Tsjetsjenia), Afghanistan, Irak og Vest-Sahara, vi har folk frå Nigeria, Polen, Peru og Nederland. Når vi ser på kor ungdommar studerer, reiser dei til USA og Australia, og sikkert til landa mellom desse og.

Så er det tid for ferie, og då fer vi til Island, Spania, Tyrkia, Thailand og Frankrike, ja, det er så mange reisemål at ein treng helst ein stor atlas for å finne alle. For hundre år sidan var det mange som drog til USA, så i mange år var det dit folk i Valle hadde linjer til. Men no går dei mange andre stader og.

Og om du ser på kor linjene går innanlands, er det ikkje bare til Kristiansand og Oslo, nei, landet er dekka på kryss og tvers, folk har kjenningar og vener i nord og sør, i aust og vest.

Av og tenkjer eg at den globale landsby finst her i bygda, og Valle Radio er radioen for ein slik global landsby. http://en.wikipedia.org/wiki/Global_Village_(term) Vi har ikkje artikkel om global landsby på norsk wikipedia enno, så du får klare deg med den engelske. Der finn du og lenke til mannen som laga omgrepet, Marshall McLuhan. Han tenkte på at massemedia rapporterer frå den fjernaste krok, noko som våre flyktningar gjer seg nytte av, i ein grad som han neppe hadde kunna tenke seg, når dei får nytt frå heimlandet gjennom internett.

Riksveg 9

Share

Krisepakka som vart presentertt i dag, hadde pengar til Riksveg 9. Ikkje så mykje at folk i dalen dansar, men nok til at ein ser at det er på rett veg.

Aust-Agder
10 millioner kroner er foreslått bevilget til vegprosjektet riksveg 9 Tveit – Langeid. Bevilgningen vil sikre anleggsstart på strekningen i løpet av høsten 2009. Den foreslåtte bevilgningen har sammenheng med tilsagn fra lokalt hold om å bidra med konsesjonskraftmidler til utbyggingen. Videre utbygging av gjenstående strekninger på riksveg 9 vil bli vurdert i arbeidet med stortingsmeldingen om Nasjonal transportplan 2010 – 2019.

Det er satt av 23 millioner kroner til gang- og sykkelvegtiltak i Aust-Agder, alt ved kysten.

Til trafikksikkerhetstiltak på veg er det satt av 20 millioner kroner til midtrekkverk på strekningen Rannekleiv – Temse (E18).

Til rassikring er det satt av 5,5 millioner kroner, fordelt med 1,5 millioner kroner til tiltak i Sandfløddtunnelen (Rv 9) og 4 millioner kroner til tiltak i Byklestigtunnelen (Rv 9). 18 millioner kroner er satt av til utbedringstiltak i form av forsterking ved Fennefoss bru (Rv 9).

Totalt vert det 33,5 millionar til RV 9-relaterte prosjekt og 43 til vegar ved kysten.

Så er det bare å få ferdig prosjekteringa.

Tradisjonsmat

Share

Onsdagskvelden hadde Bjørgulv T. Berg ein prat med dei som står bak Åseral Tradisjonsmat og med Marton Laksesvela, som sel røykt og turka kjøt frå sauer som har gått i Setesdalsheiane om sommaren. Eit poeng med samtalen var at det var ganske mange reglar og ordningar dei måtte tilpasse seg, så det var ikkje lett å drive slike nisjeverksemder. Likevel ville dei ikkje klage på situasjonen, det er viktig med strenge kvalitetskrav frå Mattilsynet for å kunne levere topp produkt til god pris.

Turka, røykt sauekjøt er vel elles ein viktig ingrediens i Setesdalssuppa, så om ikkje nokon leverer det, vil det gå tilbake med tradisjonsmaten i bygdene. Men då eg gjorde eit søk på google, var det ikkje mange treff på det ordet, bare 25, og ingen med oppskrift. Det einaste eg fann som fortel om korleis denne suppa er, var ei linje: Setesdalssuppa er laga av røykt eller turka sauekjøtt med diverse grønsaker.

Eg får sjå om eg kan finne ei oppskrift når eg kjem til Setesdal att. Setesdalssuppe bør nok få ein artikkel på wikipedia snarast råd. Tradisjonsmat høyrer heime i vår moderne tid, og då må oppskrifta finnast på Internett.

Om å bli pensjonist

Share

Når ein passerer 60, bør ein førebu seg til pensjonsalderen, heiter det. I så fall burde eg ha begynt, for no er det halvanna år sidan det skjedde. Men eg tenkjer som så at eg får ta ein dag om gongen. Når eg vert pensjonist, skal eg nok finne noko å bruke tida til. Wikipedia vil truleg få ein del av tida mi.

Ånund K. Homme starta Setesdalsforlaget http://no.wikipedia.org/wiki/Setesdalsforlaget og har hatt det som hjartebarn etter at han vart pensjonist. Eg veit ikkje kor mange bøker han har gjeve ut, han veit det truleg ikkje heilt sikkert sjølv, men det er blitt ein del med åra. Ein av forfattarane hans er Anders Dybing.

Anders Dybing har gjeve ut bok nummer 10. Han er 90 år, pensjonert gartnar og aktiv forfattar. Bøkene kjem ut på Setesdalsforlaget. Fredag var han Dagens namn i Fædrelandvennen, denne skribenten i Songdalen. Han er fødd i Lund kommune, med ein far som arbeidde på jernbanen. Under krigen budde dei i Sogndalen, og der kjøpte dei gard for å kunne dyrke mat i den vanskelege tida. Sidan overtok Anders dei tretti måla etter faren og dreiv planteskole der. Men han avvikla planteskolen og fekk seg fast jobb.

Då han vart pensjonist, dyrka han blomar som kunne turkast og folk kom og kjøpte blomar for å turke dei. Ein treng altså ikkje bare sitje med hendene i fanget om ein vert pensjonist. Då det stoppa opp med kunder for å kjøpe blomar, starta han med skriving. Etter kvart er det blitt 10 bøker:

* Fridtjof Nansen 2008
* Vår Dikt 2007
* Roald Amundsen cop. 2006
* Jørgen Løvland 2005
* Fra her – og tilbake Dikt cop. 2004
* Mestertyvene Ole Høiland og Gjest Bårdsen 2003
* Ole Gabriel Ueland 2001
* Jørgen Løvland og unionsoppløsningen i 1905 cop. 2000
* Levende bygdemiljø i 100 år 1996
* Fra svunnen tid- cop. 1995

Den første boka han gav ut, gav han 200 stk. av gratis til Songdalen ungdomsskole. Han ville at “den oppvoksende slekt” skulle få vite noe om kva som har skjedd i Songdalen kommune før i tida. Slik tek han vare på lokalhistorie.

Aktivt pensjonistliv kallar eg det.

Kvartett 2008

Share

I forlenging av samtalen Bjørgulv T. Berg hadde med Paal-Helge Haugen, er det nødvendig å nemne at i Fædrelandsvennen i dag vart Kvartett 2008 sett øverst på lista over Sørlandets beste bøker. http://no.wikipedia.org/wiki/S%C3%B8rlandets_beste_b%C3%B8ker Dette er ei liste over bøker av nålevande forfattarar på eller med tilknytning til Sørlandet.

Kvartett 2008 består av fire bøker, samla i eit plastomslag. Dei kan lesast kvar for seg, men dei heng og saman. Verket er blitt til over ein tiårsperiode.

Vi gratulerer!

Men vi saknar Kjetil Brottveits Nattradioen på den lista, det var ei svært triveleg bok. I intervjuet i Fædrelandsvennen, som ikkje er lagt ut på Internett enno, seier Paal-Helge Haugen at det dei siste åra er blitt svært mange forfattarar med tilknytning til Sørlandet, då han flytta heim og busette set i Songdalen i 1975, var det bare han og Øystein Lønn http://no.wikipedia.org/wiki/%C3%98ystein_L%C3%B8nn som livnærte seg som skjønnlitterære forfattarar her sør. No er det ganske mange, noko boklista syner.