Det gamle året
Eg helsar deg
du gamle år
som kom med
reine, blanke ark,
kvar dag, kvar morgon
skein du ny,
og gav meg livsens
djupe mark
å vekse i,
alt eg sådde
i din famn
eg haustar glad,
om mangt eit blad
er tårevått,
eg takkar av mitt
hjartes grunn
for gleda du meg gav.
Diktet stod i Fædrelandsvennen like før nyttår. Det er Svanhild Londal Lervik frå Kvinesdal. Ho har gjeve ut boka I berget det blå på Setesdalsforlaget, 30. oktober 2007 hadde eg eit program med dikt frå den boka. Sidan det har det stått mange dikt av henne i Fædrelandsvennen, eg må alltid lese dei når eg ser dei på debattsidene. Eg startar det nye året med å dele hennar dikt med dykk som les bloggen min.
Godt nytt år!