Epifani eller Helligtrekongarsdag

Share

I kveld fekk eg ein telefon frå Niklos i høve at vi startar sendingane att den 6. januar. Eg spurte han kva tema han ville ha for musikken han skal presentere denne kvelden, og svaret var Epifania. Av og til lurer eg på kor dum eg kan vere, det hadde eg ikkje trengt spørje han om, for når det høver slik, likar han å finne fram musikk som passar til kyrkjeåret, og 6. januar er trettandedagen, Hellgitrekongarsdag eller Epifania. Wikipedia har artikkel om dette temaet og, her er den, med lenke til mange språk:
http://no.wikipedia.org/wiki/Helligtrekongersdag

Om vi hadde levd på 1700-talet, ville dagen vore heilagdag, men Struensee, livlegen til den danske kongen, gjennomførte ein heilagdagsreform som førte til at dagen fall bort frå den lista. Nå har vi jo hatt så mange fridagar at det i grunnen er heilt greitt. Men her i Mandal var det stor markering av dagen i gamle dagar, mellom anna med store møter i kyrkja, der folk frå heile regionen samlast. Tema var misjon, dagen har blitt rekna til å vere ein slik dag for misjonsfokusering.

Eg las i avisa at misjon var blitt eit vanskeleg emne, men vil gjerne slå eit slag for at ein skal halde på den tradisjonen i kyrkje og samfunn, det er ein kristen tradisjon, og har hatt med seg mykje velsigning til folkegrupper og einskildmenneske.

I kyrkjene er det laga musikk til denne dagen. Noko av det får du høyre tysdag kveld.