Eit scoop

Share

Onsdagskvelden hadde Bjørgulv T. Berg gjort eit scoop då han fekk Paal-Helge Haugen på tråden for å gratulere med St. Olavs Orden. Det vart ein interessant halvtime, eg sat som fjetra. Slike program burde vi fått på podcast. Her kan du lese meir om Paal-Helge Haugen: http://no.wikipedia.org/wiki/Paal-Helge_Haugen

No når sendinga er over, eg hadde Open sending i kveld med over hundre telefonar frå 21 til 22:40, vil eg prøve å rekapitulere litt av det dei snakka om.

Paal-Helge Haugen fortalde at han hadde gjeve ut fire bøker alt i studietida medan han studerte medisin. Han valde å hoppe av og ikkje verte lege då han ikkje tok turnusteneste. Korkje lege eller forfattar er ein jobb ein kan vere halvt engasjert i om ein vil verte god, meinte han.

Gjennom å verte kjent med ein mann som hadde vakse opp i Japan, men då hadde budd i 20 år i Noreg, vart Paal-Helge Haugen kjent med haikudikting. Det er mest som stev, meinte han, men bare på tre linjer, medan vi har fire linjer på våre stev. Dei er så reine, desse tekstane frå aust.

Dei kom og innom stevdikting, den melanklolien som ligg under så mange stev, kanskje alle. Noko av den melankolien finn ein i folkemusikken og, same kor glad situasjon ein skildrar, så ligg ein undertone som ikkje er glad i dei fleste stev.

Boka Anne er noko av eit unikum i norsk boksamanheng. Ho har vore til salgs i 40 år, det har blitt mange opplag, og når eit opplag er seld ut, har Samlaget laga nytt opplag. Eg forsto at det skuldast ein avtale som var gjort i eit festleg lag for så mange år sidan, men det er svært uvanleg at noko slikt skjer.

Paal-Helge Haugen har samarbeidd med både musikarar og biletkunstnarar og andre forfattarar. Mellom anna arbeidde han mykje saman med Arne Nordheim. Dei har saman laga oratorium til Trondheims 1000-års jubileum. Det heiter Nidaros og vart framført i Nidarosdomen, som mest vart for liten til alle deltakarane. Likevel vart det plass til 1000 tilhøyrarar kvar kveld. Ei fornøyeleg soge fortalde han i samband med dette: Etter premieren var det bankett med mykje prominent folk til stades. Men arrangørane hadde gløymt å invitere komponist og forfattar, så dei gjekk på kafé om kvelden. Dei hadde mykje moro med å tenkje ut kva dei skulle seie til avisene dagen etter, når dei oppdaga fadesen.

Valle har betydd mykje for Paal-Helge Haugen. Det miljøet han vaks opp i med folkeleg kultur og religiøs pietisme har prega han heile livet. Forteljartradisjonane i Valle har vore kjelder han har kunna ause av i sitt forfattarskap.

Mykje meir sveipa dei innom, eg stoppar med dette og takkar for ein sjeldan halvtime.