Jorda rundt frå Valle

Share

Om ein ser litt på kven som bur i Valle og spør dei om lag 1300 innbyggarane om kor tankar og slikt går, trur eg at dei fleste land i verda er inkludert. Mange flyktningar har budd eller bur i Valle, i desse dagar kjem 15 nye frå Burma i tillegg til dei vi alt har. Utanom desse har vi folk frå Russland (Tsjetsjenia), Afghanistan, Irak og Vest-Sahara, vi har folk frå Nigeria, Polen, Peru og Nederland. Når vi ser på kor ungdommar studerer, reiser dei til USA og Australia, og sikkert til landa mellom desse og.

Så er det tid for ferie, og då fer vi til Island, Spania, Tyrkia, Thailand og Frankrike, ja, det er så mange reisemål at ein treng helst ein stor atlas for å finne alle. For hundre år sidan var det mange som drog til USA, så i mange år var det dit folk i Valle hadde linjer til. Men no går dei mange andre stader og.

Og om du ser på kor linjene går innanlands, er det ikkje bare til Kristiansand og Oslo, nei, landet er dekka på kryss og tvers, folk har kjenningar og vener i nord og sør, i aust og vest.

Av og tenkjer eg at den globale landsby finst her i bygda, og Valle Radio er radioen for ein slik global landsby. http://en.wikipedia.org/wiki/Global_Village_(term) Vi har ikkje artikkel om global landsby på norsk wikipedia enno, så du får klare deg med den engelske. Der finn du og lenke til mannen som laga omgrepet, Marshall McLuhan. Han tenkte på at massemedia rapporterer frå den fjernaste krok, noko som våre flyktningar gjer seg nytte av, i ein grad som han neppe hadde kunna tenke seg, når dei får nytt frå heimlandet gjennom internett.