Dannelsesagent

Share

Denne sendinga starta eg med å lese kommentarartikkelen Harald Stanghelle skreiv i Aftenposten i høve John Olav Larssens bortgang. Det var ein svært interessant artikkel. Han kallar predikanten ein kristen dannelsesagent:

I boken Kunnskapens hus portretterer Rune Slagstad – velformulert, men ikke alltid like presist – det han kaller dannelsesagenter. Både dem han liker (som Trygve Bull) og dem han misliker (som Einar Hanseid).

I dette selskapet finner man ikke John Olav Larssen. Han eksisterer nok ikke på Slagstads intellektuelle radar. Men hadde han gjort det, kunne han trolig vært utropt til en norsk dannelsesagent. For i flere tiår påvirket han i stor grad tanker og holdninger til utrolig mange mennesker. Hans betydning for en av den tids sterke motkulturelle strømninger kan ikke overvurderes.
http://www.aftenposten.no/meninger/kommentatorer/stanghelle/article2860132.ece

Eg har tenkt mykje på dette dei siste par dagane og lese artikkelen fleire gonger. Det utdraget som eg har sitert er interessant og eg er samd med Harald Stanghelle i at John Olav påverka utruleg mange menneske. Sjølv er eg ein av dei, eg fekk fire år i lag med han frå 1972 til 1976 då vi arbeidde saman i Den indre Sjømannsmisjon. I gravferda kunne ein ane noko gjennom helsingar på minnnesamværet om folk som hadde blitt påverka frå samarbeidet med John Olav, mange fleire enn Rolf Listrøm, som vart oppdaga då han song på eit møte John Olav hadde i Chicago og spurt om å gje eit halvt år til å vere med på møteseriar i Norge. Rolf bur framleis her i landet, 50 år seinare.

I minnesamveret helsa Øystein Kristensen og fortalde at han hadde fått vere med John Olav og be for sjuke. Det var nok ei side som ikkje så mange visste om, men den var der. Eg fekk eit prov på det i dag då Reidun fortalde at ho hadde fått ei historie om ein som var blitt frisk etter forbøn då John Olav hadde møteserie i Mandal, det var i 1957.

Sjølv vil eg seie at han inspirerte folk til å gå inn i rekkene og gjere ein innsats for evangeliet. Visjonane hans var slik at vi kunne gå inn i dei, og mange gjorde det i dei åra.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *