Høvesdikt

Share

Å skrive høvesdikt eller leilighetsdikt er ein sjanger som eg har hatt glede av å halde på med i mange år. Det er ikkje få konfirmasjonssongar, bryllaupssongar eller songar til ein 50-årsdag eg har laga. Ånund K. har spurt om eg ikkje kunne samle dei og lage ei bok av dei. Kanskje eg skulle gjere det, sjølv om eg til no ikkje har tenkt tanken ein gong.

Grunnen til at eg kom på andre tankar, var noko eg fann på Internett i dag:

Kva er eit høvesdikt? Høvesdikt (eller leilighetsdikt) er dikt som er skrivne for eit festleg eller minneverdig høve, av privat, halvoffentleg eller fulloffentleg karakter, for å kasta glans eller skapa ei stemning av høgtid, pondus eller pompøsitet. I Tønsberg i perioden 1840 til 1890 spelte denne diktinga ei så sentral og annleis rolle samanlikna med vår tid at vi har vanskeleg for å forestilla oss det. Studien har som tese at høvesdiktinga var den karakteristiske litterære ytringsforma i Tønsberg i den nemnde tidsrommet, så karakteristisk at den fungerte som ein hegemonisjanger innanfor ein unik lokal institusjon og som ein kollektiv og representativ sjanger for borgarskapet. Avhandlinga kan lesast som ein kultur-, litteratur- og teksthistorisk studie. Den kan også lesast som ein freistnad på regional (lokal) litteraturhistorieskriving. Studien er eitt av fleire produkt av prosjektet «Vestfold og litteraturen», som har sin basis i litterær regionalisme. http://www.kulturnett.no/nettressurser/nettressurs.jsp?id=T1465422

Wikipedia har også ein artikkel om emnet: http://no.wikipedia.org/wiki/Leilighetsdikt I den kjem det fram at slike dikt ofte er rosande, sjølv om dei kan innehalde kritikk. Songar til fødselsdagar vil jo gjerne vere på kjende melodiar og som regel vere rosande. Å sitje i eit selskap og syngje nidviser er sikkert ikkje det som skal til for å løfte stemning når folk er samla. Å formulere ros i bunden form er nok lettare.

Å tvinge språket inn i eit bestemt metrisk mønster kan vere ganske vanskeleg. Difor vil mange høvesdikt ha haltande rytme og rim. Men når det stemmer, då er det lite som er meir inspirerande. Difor har eg tenkt at eg vil prøve å dele med dykk nokre høvesdikt når radioen startar i 2009. Nokre vil eg skrive sjølv, andre vil eg finne i litteratur og på nettet. Så får vi sjå om det kan verte nokre program av det i det nye året.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *