John Olav Larssen

Share

I dag kom meldinga om at John Olav Larssen var død. Han vart 81 år gamal, her er lenke til artikkelen om han på wikipedia, den vart oppretta i dag: http://no.wikipedia.org/wiki/John_Olav_Larssen Også på Eyvind Skeies og Oddbjørn Evenshaugs bloggar var det omtala: http://eyvindskeie.no/2009/01/john-olav-larsen/
Og her er ein omtale i Vårt Land: http://www.vl.no/folk/article4026541.ece

Om han har vore i Valle, veit eg ikkje, men truleg har han det. I løpet av si gjerning som predikant var han over det meste av landet. Det som forundra meg mest var korleis han kunne kjenne att folk over alt der han kom.

Sjølv hadde eg gleda av å vere nær ven og medarbeider til John Olav, særleg i perioden frå 1972 til 1976 då eg var redaktør av Fiskerens Venn. Å jobbe med han og få ganske så frie tøylar for skriveglede, var ei glede og ei oppleving. I den tida måtte om lag 40 a-4 sider gjennom min skrivemaskin kvar veke, han skreiv leiarartiklar, og saman prøvde vi å finne det stoffet som skulle til for å fylle bladet.

Ofte var vi på talarferder saman, han tala, eg møtte folk og skreiv om arbeidet til Den indre Sjømannsmisjon. Inspirert og inspirerande var han, men sterk omsorg for organisasjonen sitt arbeid og for folka vi arbeidde mellom, fiskarar og sjøfolk i nære havområde. For han ville utvide verksemda til DISM, han ville at ikkje bare fiskarar skulle nyte godt av evangelisk omsorg, men også sjøfolk. Difor var han svært oppteken av at vi skulle få til eit arbeid i havner som ikkje var tradisjonelle fiskehamner. Ikkje alle skjøna det, men for John Olav var det viktig, og han ville vinne nytt land med arbeid i Stavanger saman med Havnemisjonen, i Porsgrunn og Drammen, store havnebyar med stor trafikk. Ja, til og med arbeid for norske fiskarar på Shetland kom i gang i hans tid, og samarbeidet med Det Norske Misjonsselskap om betelskipet Shinko Maru i Japan.

Det var ei livleg og sterk tid for ein traust organisasjon. Sjølvsagt tok det på kreftene. For min del førte det til at eg fekk kall til å verte rektor på Hadsel Folkehøyskole, som DISM gjekk inn som medeigar i frå 1976. For hans del førte det til at han svara ja på eit kall om å verte landssekretær i Misjonsalliansen. Men omsorg for at Havets folk skulle verte Herrens folk, det hadde han også i si nye teneste.

Dagen i dag vart ein underleg dag. Eg oppdaga at han var gått bort litt utpå dagen, og minnene strøymde på. Kontakten med han vart mindre med åra, men takksemda over å ha fått vore nær medarbeidar i ein periode av livet og ven med han, er stor. Fred med John Olav Larssens minne.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *