Kommunestyremøte og spørjetime

Share

I går var det kommunestyremøte i Valle og møtet vart overført i Valle Radio. Eg hadde diverre ikkje høve til å høyre på, difor var det ei stor glede å få protokollen i dag og der kunne sjå kva folk hadde vore opptekne av i Spørjetimen.

Saksprotokoll i Kommunestyret – 28.01.2009

Toralv Andersen: For ei tid tilbake vart det bevilga pengar til aktivitetar på aldersheimen. Kva er stoda på dette?

Rådmann: Dette skal me kome tilbake til i neste møte.

 

Liv Tanche – Larsen: Skjønnsmidlar frå Fylkesmannen i Aust-Agder. Søknadsfrist er i februar.

Har Valle kommune tradisjon for å søkje om ekstra skjønnsmidlar – og i tilfelle til kva då?

Ordførar: Valle kommune skal vurdere alle høve til å søkje om slike midlar.

Rådmann: Skjønnsmidlar er ein del av rammetilskotsmidlar som skal nyttast til prioriterte prosjekt. Valle har søkt om midlar til utvikling av NAV-Setesdal. Søknaden vart avslegen.

Alle leiarane i Valle kommune har fått rundskrivet, og er bedne om å melde inn prosjekt der ein kan søkje om skjønnsmidlar.

 

Liv Tanche – Larsen: ”Heia Valle” – prosjekt for å auke folketalet. Kan dette vere eit prosjekt ein kan setje i gong?

Ordførar: Det er ein interessant tanke. Valle kommune har så vidt kome i gong med småbruksprosjektet. Dette er noko av same tanken. Problemstillinga ”Heia Valle” vert sett opp som drøftingssak i formannskapet.

 

Jon-Ola Rysstad: Kan Valle kommune kjøpe seg inn i ei eining i prosjektet som Bergsam har tenkt å gå i gong med? Dette for å få nye bustader i Valle.

Ordførar: Rådmannen bør lage ei sak der trongen for  nye bustader blir vurdert.

Rådmannen: Det står i rådmannens delegasjon at han fortløpande må vurdere sal av kommunale bustader. Det er og eit kommunestyrevedtak på at alle som bur i kommunale bustader og som arbeider i meir enn 50 % kan kjøpe hus/leilegheit etter takst.

 

Jon-Ola Rysstad: G/S veg til Honnevje. Er det mogeleg å informere politikarane om regelverket for dagbøter, og kvifor fekk ikkje Nomeland Anlegg dagbøter på Åsan?

 

Steinar Kyrvestad: Merknad til dagsorden. Ein bør vurdere gildskap. Er Jon – Ola Rysstad ugild til å stille ein slik førespurnad, då han er svoger til entreprenør?

Ordførar: Førespurnaden vurderast å vere av generell karakter, og kan difor stillast av Jon-Ola Rysstad.

 

Rådmann sitt svar til Jon – Ola Rysstad sin førespurnad: I slike kontraktsinngåelsar har kommunen sikra seg at dei kan ta dagbøter. Dette for å sikre seg at arbeidet blir ferdig innan fastsett tid. Kommunen nyttar heimelen til å krevje dagbøter både preventivt og for å kompensere for ulemper andsynes kommunen eller innbyggjarane. Det er denne vurderinga som er lagt til grunn for dei to anlegga som er nemnde.

Rådmannen orienterte elles  generelt om dagbøter.

 

Pål Dale: Krisepakke frå regjeringa. Kan kommunane gje eit innspel til AE om regjeringa si krisepakke? Dette for å fremje rein energi.

Ordførar: Eg skal vurdere om ein skal gå vidare med dette.

 

Såvi Nomeland: Massetak. Det har etterkvart blitt vanskeleg å drive som næringsdrivande grunna alt planarbeidet som er kravd. Det er store ulikskapar mellom planane som er kravd frå landbruket og krava til planar frå næringsdrivande.

Ordførar: Reguleringsplanar er juridisk bindande. Noko skjønn er det lagt opp til, og kommunen har tidlegare bede om innspel

Rådmann: Dette arbeidet er dekka gjennom kommuneplanarbeidet. Utfordringa kjem når ein har/ynskjer massetak som ikkje er innafor reguleringsplanar.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *