I Kommunen informerer onsdag 7. januar gjekk økonomisjef Wenche Erland Gundersen gjennom nokre av prosjekta som står på budsjettet for 2009 i Valle kommune. Sjølve detaljbudsjettet er ikkje ferdig enno, rammebudsjettet vart vedteke 17. desember, og det hadde vore lettare å få ferdig detaljbudsjettet til nyår om ein hadde klart å handsame budsjettet i novembermøtet.
Men Wenche har alltid mykje informasjon å kome med når ho kjem i radioen. Ho kunne fortelje at sjølv om det hadde vore mykje fokus på innsparing i haust, enda budsjettet opp med mindre innsparing enn administrasjonen hadde lagt opp til. Ho gjekk gjennom nokre av nye tiltak som kommunestyret vedtok å ta opp eller halde fram med i året som kjem:
-Innsparing for kyrkja blei halvert dei har i utgangspuntet eit lite budsjett
-Vil planlegge kyrkjestove
-Populært tiltak med tilskot til årskort i Brokke alpinsenter blei vidareført
-Det er sett av midlar til diverse reguleringsarbeid og andre utviklingsprosjekt, mellom anna planlegging av byggefelt Valle
-Oppretthalde Bygdenytt, men distribuere det på ein billigare måte, leggast ut på bygdeheimen og i butikkar
-Oppretthalde kokk i båe barnehagane
-Vidareføre skulematordninga
-Nytt fag i ungdomsskulen utdanningsval sett av kr 50 000 hospitere på videreg. skular andre stader (ikkje så stor sum, men viktig tiltak)
-Entreprenørskapsbedrift Valle skule produksjon leige lokaler der Setpro er både for sterke og svake elevar. Utfordringar og praktisk arbeid
-Landruksvikarordninga blei ført vidare med kr 72 000
-Oppruste fysioterapibassenget har vore stengt ei tid
-Oppretthalde dagsenteret på bygdeheimen
-Oppruste toalettene på soknehuset det har vore oppe mange gonger, men stroke
-Oppruste veg til Haugeland
-Kloakk frå Homme grendefelt til Øyne bustadfelt i røyr over elva.
-Utviding av bustadfelt i Leite i 2010
Når det slik vart mindre å setje på fond, tenkjer ein å selje Heimigard Berg og setje desse pengane på fond i staden. Wenche gjekk så gjennom gebyr og avgifter som har fått auke. Minst auke har det vore i prisen for å ha barn i barnehagane. Det er no gratis, med unntak av mat. Men framleis må ein betale for SFO.
Som vanleg hadde ho med tysk musikk, det er ein tradisjon når Wenche er i radioen. Denne kvelden var det: Schwesterherz Dieser Tag ist für immer og NIK P. – Gloria.
Om Nik P. kan du lese på tysk wikipedia: http://de.wikipedia.org/wiki/Nik_P.
og Schwesterhertz finn du meir om her:
http://de.wikipedia.org/wiki/Nik_P.