Sirdalsfolk i Open sending

Share

Onsdagskvelden kom den eine etter den andre av sirdalsfolk i studio under open sending. Det synte seg at Anna Marie Omlid, Åse Linn Jomås, Jørgen Omlid og Gunn Marita Jomås sat i Sirdal og høyrde Valle Radio på Internett og løyste rebusar, dei går i barneskulen, men mobiltelefonar og hustelefonar var i bruk heile kvelden for å løyse rebusane.

Denne gongen hadde eg vald å lage rebusar ut frå ei bok som kom ut i 1991 og som eg fann på boksalget på biblioteket: Årets begivenheter i bilder 1990. Og sirdølane med gome i Hylestad løyste dei, sjølv om hendingane skjedde 10 år før dei var fødde. Øystein Sunde som Årets spellemann, Trine Solberg som dopingmistenkt, bomring utanfor Oslo, Holmekollrenn utan snø, Kontrapunkt med norske vinnarar, skrinlegging av flyplass på Hurum, Vaclav Havel som president i Tsjekkoslovakia (midt i landet ligg Oslo), Rolling Stones på Valle Hovin, vi var innom mykje denne kvelden.

Då premiane skulle fordelast synte det seg at av dei over hundre innringarane hadde ni kome inn i studio, og sju premievinnarar var frå Rysstad og Sirdal, medan bare to høyrde til i Valle. Olaf Henrik og Berit Homme, som var telefonvakter, tok premiar med til Rysstad, og sjølv hadde eg ein liten jobb med å få med meg to premiar til Valle. Tor Haugum og Åsmund Rygnestad fekk dei, medan Nina Helle, Signe Rysstad og Johanna Solheim fekk premiar på Rysstad, i tillegg til sirdalsfolka, då.

Open sending i Valle Radio hadde ikkje blitt noko om vi ikkje hadde hatt mange innringarar. Av dei over hundre innringarane som var på tråden, trekte vi ut Ingebjørg Vegestog Homme til å få krus, men i det eg sit her og skriv dette, oppdagar eg at eg gløymde å få kruset med meg frå studio i går kveld då eg gjekk heim. Så hennar premie vart ikkje levert på Esso i Valle i dag. Det får vi ordne seinare.

 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *