Skuleveg og snøscooter

Share

Det er mange saker ein kommunepolitikar skal setje seg inn i. Til siste møte i kommunstyret var det fem saker av svært ulik karakter:

PS 5/09 Tildeling av ervervsløyve for snøscooter 2008-2012
Denne saka skuldast at søknaden til Niklos T. Brokke ikkje hadde kome med i første omgang, sjølv om han var ein av dei fyrste som søkte. Talet på ervervsløyve vart utvida til 11 og det siste fekk Niklos T. Brokke av eit samrøystes kommunestyre.

PS 6/09 Ny handsaming- Løyve til skjenking av alkoholhaldig drikke, Brokke Alpinsenter A/S
Her vart det gjeve løyve til å skjenke alkohol (øl og vin) etter at heisen var stengt, frå 30. januar 2009 til 30. juni 2012 mot to stemmer.

PS 7/09 Klage på vedtak om skuleskyss
Rådmannen, i dette tilfellet rådmannen i Bykle, då rådmannen i Valle hadde handsama saka før, sitt forslag var å avslå klagen. I møtet kom det eit framlegg frå Steinar Kyrvestad: Valle kommune tilbyr gratis skuleskyss til dei elevane som etter Opplæringslova ikkje har rett til dette. og eit framlegg frå Annbjørg Lindland Uppstad: Alle som bur nord for Tveitebøkrysset skal få fri skuleskyss.. Dette forslaget vart vedteke mot 8 stemmer.

PS 8/09 Framlegg til reviderte vedtekter for barnehagane
Dette vart vedteke som framlegget frå rådmannen, men eit tilleggsframlegg frå Ove Lund fører til at opningstida vert frå 6:45 til 16:00.

PS 9/09 Mogeleg sal av bustad gnr. 45, bnr. 8 og 9
Hallvard Mosdøl fekk kjøpe legebustaden for 1,7 millionar + omkostningar. Men 7 stemte i mot dette.

Så kunne ein lese opp protokollen og ta ein kopp kaffe før ein gjekk heim.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *