Tradisjonsmat

Share

Onsdagskvelden hadde Bjørgulv T. Berg ein prat med dei som står bak Åseral Tradisjonsmat og med Marton Laksesvela, som sel røykt og turka kjøt frå sauer som har gått i Setesdalsheiane om sommaren. Eit poeng med samtalen var at det var ganske mange reglar og ordningar dei måtte tilpasse seg, så det var ikkje lett å drive slike nisjeverksemder. Likevel ville dei ikkje klage på situasjonen, det er viktig med strenge kvalitetskrav frå Mattilsynet for å kunne levere topp produkt til god pris.

Turka, røykt sauekjøt er vel elles ein viktig ingrediens i Setesdalssuppa, så om ikkje nokon leverer det, vil det gå tilbake med tradisjonsmaten i bygdene. Men då eg gjorde eit søk på google, var det ikkje mange treff på det ordet, bare 25, og ingen med oppskrift. Det einaste eg fann som fortel om korleis denne suppa er, var ei linje: Setesdalssuppa er laga av røykt eller turka sauekjøtt med diverse grønsaker.

Eg får sjå om eg kan finne ei oppskrift når eg kjem til Setesdal att. Setesdalssuppe bør nok få ein artikkel på wikipedia snarast råd. Tradisjonsmat høyrer heime i vår moderne tid, og då må oppskrifta finnast på Internett.

Ein tanke om “Tradisjonsmat”

  1. Heime i Innestog Homme hadde vi ikkje røykt sauekjøt i suppa,men turka, berre gule erter og bygg-gryn, ikkje allslags grønsaker – anna er berre nymotens påfynster.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *