Vinterferie

Share

I dag starta vinterferien med det finaste veret ein kunne tenke seg. Sol frå blå himmel og 5-6 varmegrader inspirerte folk i byen til å dra oppover Setesdal i lange køar. Eg drog imot straumen denne fredagen og, slik er det når ein pendlar. Nå er ikkje snø og ski det eg saknar mest, så eg klagar ikkje.

Det vert bare ei sending i Valle Radio neste veke. Tysdagssendinga går ut, men Øyvind Jacob skal ha ansvar for onsdagssendinga, og Ronny skal stå for Open sending den kvelden. Sjølv håpar eg å få møte våren ved kysten komande veke, men eg ynskjer alle ein god vinterferie.

Store Norske Leksikon

Share

I nokre år har Store Norske Leksikon vore tilgjengeleg på Internett mot betaling. I går vart det fritt, det vil seie at kven som helst kan gå inn på http://snl.no og lese artiklar frå leksikonet. Dei har og lagt inn artiklar frå Medisinsk leksikon og Biografisk leksikon i same systemet, så no blir det sagt at dei har 300.000 artiklar.

Wikipedia hadde ein konkurranse på tampen av fjoråret og nådde 200.000 artiklar før jol. I skrivande stund er det knapt 210.000 artiklar på bokmål og vel 46.000 artiklar på nynorsk wikipedia. Den store føremonen med wikipedia er at det er versjonar på så mange språk. På engelsk er det over 2.763.000 artiklar, og tysk har 872.097 artiklar når eg skriv dette. Så om ein kan eit av desse språka, får ein tilgang til mykje stoff i tillegg til det norske på http://no.wikipedia.org

Store Norske Leksikon har vore eit godt papirleksikon. Men utgåva på Internett er ikkje så imponerande enno, så langt eg kan sjå. Grunnen til det er at ho ikkje tek i bruk det som er spesielt med internett-tekstar, det som vert kalla hyperlenking. Å kunne lenke til ein annan artikkel, som ein så kan nå med eit trykk på denne lenka, rett frå teksten ein les, det er ein føremon som wikipedia har nytta seg mykje av. Når eg skriv ein artikkel i wikipedia, lagar eg ei lenke ved å setje ein dobbel hakeparentes rundt ordet som eg lenkjer, og plutseleg så kan lesaren gå til den artikkelen.

Svært mange har vore opptekne av lanseringa av SNL på nett, gratis. Det er naturleg, ein er van med å finne stoff gratis på internett ved hjelp av søkemotor. Wikipedia har fått ein ranking hos Google som gjer at artiklar der kjem høgt på listene dei lagar. Det spørs korleis det går med SNL, om dei får så høg ranking at dei kjem høgt opp og dermed får trafikk. Dei treng trafikk, for tanken er at dei skal løne skribentar og då må dei ha inntekter. Det skal dei få frå annonsar, og utan trafikk vert det få annonsar.

Vi som skriv på wikipedia, har hatt forventningar til at Store Norske Leksikon skal bli gratis å bruke. Ikkje fordi vi vil skrive av, men fordi vi då kan kontrollere det vi sjølve skriv opp mot det som står der. Eg trur det vert ein rikdom for alle som les norsk å ha fleire slike kjelder til kunnskap tilgjengelege. Men med få hyperlenker og få bilete verkar ikkje førsteinntrykket å vere så skræmande som eg trudde det skulle bli. Ingen veit korleis det vert om tre år, så eg er spent på korleis det utviklar seg.

Askeonsdag

Share

I kveld var det fastegudsteneste i Hylestad kyrkje. Difor tok eg turen til Rysstad og fekk ei fin stund i kyrkja. Det var full liturgi ved sokneprest Arne, nydeleg musikk frå galleriet ved organist Tonhild, tekstlesing ved Sissa. Etterkvart vart det harmoni mellom salmene og stemmen min og, så då kan eg vel seie salmesong ved Harald og den øvrige kyrkjelyden. Men eit par av dei fyrste salmene harmonerte ikkje med det eg kunne frå før, så då var eg meir forsiktig.

Eg har sett pris på fastegudstenester heilt sidan eg song i Sandnes Menighetskor og vi var med på fastegudstenestene som prost Asbjørn Tonstad hadde der på 1960-talet. Å få syngje litaniet og så gå over til nattverdliturgien, det er ei rik oppleving både musikalsk og i det poetiske språket.

Det var no fleire år sidan eg hadde vore i Hylestad kyrkje. Dei hadde teke ut eit par benker, fått nytt høgtalaranlegg og måla veggene, så ho var minst like vakker som før. Etter messa var det kyrkjekaffe i benkene, mest som i vegkyrkjetida. Te og pepperkake fekk praten på glid. Naturleg nok var den innom bilulukka på Rysstad bare halvtimen før messa starta. Vonleg gjekk det godt med dei involverte, sjølv om helikopter måtte bringe dei til sjukehus.

Ein festkveld

Share

Opptaket frå Hylestad skule var ei glede å høyre, sjølv om eg nok tykte at folk song lite på songen eg hadde skrive. Men det kan jo og skuldast at mikrofonane var vende frå salen, og dermed høyrdest det langt borte frå. For seinare på kvelden var det god song i programmet.

Song og musikk er viktig og skaper miljø. Men dei talte innslaga var sanneleg og viktige, og folk humra og kjende seg att i det som vart fortald, det fekk vi høyre i dei intervjua som Ørnulf hadde gjort. Det gav og mimring for tankane å høyre Andres og Knut fortelje, og konferansier Leonhard og spelemann Hallvard T. hadde også gode å soger å minne oss på.

Knut Brokke sitt innlegg vil eg sende etter vinterferien. Vonleg har vi fått det på plass på ein måte som gjer det lett å spele då.

Festen var godt dekka i Setesdølen i dag og i Fædrelandsvennen i går, så her har skulen fått mykje att for innsatsen i mediedekning. Dei etterlyste fleire filmar som var laga på skulen. Dersom du har nokon av dei, hadde skulen likt å få låne og lage ein kopi.

Ein festkveld vart det i radioen og.

Program for siste veke i februar 2009

Share

Tysdag 24. februar

Ansvarleg: Harald Haugland

18:00 Kvarteret
18:15 Over ein open Bibel
18:30 Hylestad skule 50 år. Frå jubileumsfeiringa fredag.
20:30 Postludium ved Harald Haugland
21:00 Kyrkjebakken

Onsdag 25. februar

Teknikar: Torhild Sandnes

18:00 Kommunestyremøte

Tysdagskvelden sender vi opptak frå jubileumsfesten til Hylestad skule. Eg har skrive om det i fleire innlegg før. Med det nye opptakarutstyret gjorde Ørnulf Hasla opptak frå heile arrangementet, i tillegg til at han laga nokre intervju. Ettersom det er kommunestyremøte onsdagskvelden, sender eg det tysdagskvelden, så det ikkje skal bli for gammalt før det går på lufta.

Då eg ikkje veit heilt sikkert kor langt programmet vert, har eg sett av to timar frå klokka 18:30 til 20:30 til dette. Om det vert mindre, får vi fylle det med noko anna, det finn du ut om du set på radioen i morgon kveld.

Dyr i vegen

Share

Fædrelandsvennen fokuserte laurdag på dei mange påkjørslane av elg og rådyr som har vore i sommer. De som les bloggen min hugsar kanskje at eg skreiv om dette då Trond Støle var gjest i studio. Han legg ut for til elg, hjort og rådyr, og meinte at det hadde ført til at færre dyr var på vegen i vinter. 2 elgar og 10 – 15 rådyr er påkøyrde i Valle, medan 9 elgar og 11 rådyr har måtta bøte med livet i Bykle.

Valle Radio sin medarbeidar Bjørgulv T. Berg var avbilda der han sette opp elgskilt og lykt for å varsle om den store elgfaren.

Sjølv har eg opplevd å vere nære på å ta rådyr mellom Byglandsfjord og Bygland når eg kjører opp dalen om kvelden eller tidleg morgon, men til no i vinter har eg klart å unngå å treffe dei. Men ein er nøydd til å halde augo opne. Ein kveld stod det ein elg sør for Skomedal og ville over vegen, men den snudde då eg kom. Men ein tenkjer på det når ein er på vegen.

Det er kanskje noko drastisk å gjere som Trond Støle, men når dyra slepp å gå på vegen for å få mat, er det sikrare for alle partar. Så kanskje kunne ein gå over til å slå gras for å fore hjortedyr i staden for sauer. Kulturlandskapet vart halde ope, og trafikkulukkene gjekk ned.

Hylestad skule – fest

Share

Femtiårsfesten for Hylestad skule vart ein strålande suksess. Det starta klokka 15, eg kom dit om lag klokka 17, ein time før programmet skulle starte. Men eg hadde store problem med å finne parkeringsplass og måtte køyre opp bak Soknehuset og parkere utanfor Heddistoga. Då eg kom inn, var det kø ut i gangen for å kome til og få kjøpt seg noko å bite i. Nydeleg suppe og eplekake (potetkake for dei som ikkje kjenner lokalt namn) det gjekk unna, men grytene på kjøkken var store.

Eg fann meg plass med Knut Brokke, som sat der saman med Anny og sonen Tor. Me fekk ein triveleg prat, Knut skulle kåsere om korleis skulen var i Hylestad før 1958. Sjølv hadde han gått to år på Hylestad skule, det var i den tida det var framhaldskule der. Han ville gjerne lære engelsk før han drog vidare på skule.

Halv seks tok folk til å gå frå matsalen for å få plass oppe i festsalen, som etter kvart var stuvfull og vel så det. Eg prata med Elise Marie Kringen, som fortalde at det var 200 stolar på Soknehuset, men at dei hadde teke med 50 frå skulen. Alle var fulle, og folk sto langs veggene då noverande elevar dirigert av Ragnhild Nomeland slo til med ein rap til å begynne med. Så song vi songen eg hadde dikta, og deretter tok Leonhard Jansen over som festleiar, noko han hadde vore då dei feira 30-årsjubileum i 1988. Elise Marie var rektor då og, men ho har gjort mykje i mellomtida før ho kom attende som rektor for eit par år sidan. Fleire gamle rektorar hadde møtt opp, Astrid Opdahl Knudsen, Vidar Lunden, Andres Helle. Sjølv har eg og vore rektor der eit år, i tillegg til at eg dei fleste av åra mine i Valle var næraste nabo til skulen.

Andres Helle heldt ein glimrande festtale. Ut av ei gamal skuleveske han hadde med på talarstolen drog han ut mange gamle effektar i løpet av talen, og jubelen sto i taket då han las frå Love eller Romantikk frå 1958. Det var og munnharpespel ved Sigurd Brokke og Folke Åmlid før Knut Brokke slapp til med sitt innlegg. Så var det matpause, og etter pausen var det musikk og leikarring av gamle elevar som Hallvard T. Bjørgum og Birgit og Tor Espen Helle.

Men før festen var slutt klarte eg å lirke bilen ut på Riksveg 9 og legge nasen mot helg i Mandal.

Hylestad skule – song

Share

Onsdagskvelden var rektor Elise Marie Kringen i studio og fortalde om jubileet som skal markerast i dag. Det var i 1958 det starta, då var skulen ny. Men festen er i dag, den begynte klokka 15 og skal gå til 21. Dei fyrste tre timane er det utstillingar og kafe, men klokka 18 vert det jubileumsprogram. Alle elevane stiller i røde t-skjorter med logo, det er musikk og tale og sang og dans på Hylestad soknehus i dag.

Sjølv hadde eg eit år som rektor der på skulen for nokre år tilbake. Det var eit interessant år som eg er takksam for å ha fått opplevd. Den gjengen av lærarar som jobba på skulen, var det ei oppleving å verte kjent med.

Songen

Her er songen eg skreiv til festen:

Melodi: Jeg gikk en tur på stien

På Nomeland ligg skulen så rød og flott og fin
No femti år den fyller, den gamle skulen min

Refreng:
Stem i, syng med, ein song for skulen vår.
Så fin /og flott /den tett ved vegen står.

Heilt ny i femtiåtte, i gamle Hylestad
då var det folkeskule, og framhaldskule bra.

Men skulen den har vakse, som heilt naturleg er.
Den fekk sin eigen gymsal, den likar vi er her.

Og sidan fekk den fleire rom, den heilt fornya vart
Så god ein plass for borna, som finn på mykje rart.

Her kan ein sparke fotball, her kan ein gå på ski,
den kjære barneskulen, sju år går fort forbi.

Her ung og gammal trener, her trivest folk så godt,
eit hus for heile bygda er skulen vi har fått.

Her lærer folk å lese og rekning høyrer til
elevar syng på engelsk og møter folk med smil.

Vår gamle gode skule, den vil vi gjerne ha,
dei neste femti åra, det trur vi skal bli bra.

No skal eg ta ein tur på festen og få høyre meir om skulen og dei som arbeider der i dag.

23 karenarar i Valle

Share

For vel eit par veker sidan kom 15 karenarar til Valle, så no er vi oppe i 23. Dei fyrste som kom, kom i mai for snart to år sidan. Dei har funne seg godt til rette i bygda vår. Dei bur i Leite og har etter kvart fått mange vikariat innan reinhald for kommunen.

To familiar på til saman 15 personar skulle kome til Valle sist i november. Men det høvde seg slik at akkurat då dei skulle dra frå Bangkok, starta det med politiske protestar der, så flyplassen vart stengd. Det førte til at dei måtte vente i to månader, men sist januar kom dei til Kjevik og vidare til Valle i sprengkulde, det var i den perioden vi hadde minus 20 grader. Dei kom frå pluss 30, så det var litt av ein overgang.

Etter eit par veker med formelle ting som måtte ordnast, starta dei på norskopplæring denne veka. Og i går kveld var det velkomstfest for dei i regi av diakoniutvalet. Prostidiakon Per Emnauelsen leia arrangementet på Menighetshuset, det var song og velkomsthelsingar frå ordførar, prest, vaksenopplæring og sundagsskule. Eg visste ikkje at Per kunne spele munnspel, men han gav oss nokre nydelege, vare tonar. Det inspirerte PeKa, som har vore her halvanna år, til å syngje saman med han, det vart reint andakt då han song Hvilken venn vi har i Jesus på karensk til tonefylgje av Per.

Sjølvsagt var det noko å bite i, Astrid Nomeland i diakoniutvalet stod for det, saman med dei andre i utvalet.

Dei fyrste karenske flyktningane kom frå Mae La, sjå http://no.wikipedia.org/wiki/Mae_La

Dei andre kom frå Tham Hin, som er leiren som ligg nærast Bangkok. Sjå http://www.unhcr.org/publ/PUBL/3da150087.pdf

Ein av dei som kom her, takka så mykje for at dei fekk kome og sa dei gledde seg over å vere her. Htoo Thaw omsette for oss, det var god hjelp. Han og Naw Si har no fått jobbar som tospråklege assistentar i skule og barnehage i samband med mottaket.

Program veke 8 2009

Share

Tysdag 17. februar

Ansvarleg: Harald Haugland

18:00 Kvarteret
18:15 Over ein open Bibel. Kurt Hjemdal
18:30 Setesdal syng
19:05 Tysdagsmagasin
20:30 Postludium. Niklos K. Besteland presenterer musikk frå tysk renessanse og tidleg barokk
21:00 Kyrkjebakken.

Denne kvelden fekk eg god hjelp av Reidar Trydal til å kome på lufta. Tusen takk. Då eg skulle logge på, var P4 borte, og då eg logga av, kom ikkje P4 tilbake. Kva som er galt, kunne han ikkje finne ut, for han var i Arendal og måtte ordne opp derifrå. Det betydde at eg ikkje kom på lufta før 18:30, så programmet vart noko amputert, men eg er glad at det vart sending, sjølv om ho ikkje vart som eg hadde tenkt.

Onsdag 18. februar

Ansvarleg: Ørnulf Hasla
Teknikar: Olav Kn. Rike
Telefonvakt: Bjørg Ragnhild Trydal Jansen og Anna Rysstad

18:00 Aktuell time ved Ørnulf Hasla
19:00 Kommunen informerer. NAV
19:30 Tankar frå Bibelen ved Håvard Viki
20:00 Vi møter snøscooterforhandlarane i Valle
21:00 Open sending ved Rolf Erik Homme

Telefon 379 37577
Høyr på http://www.valleradio.com
Send epost til post@valleradio.com