Musalaha

Share

I sendinga i går hadde eg eit innslag som var laga av Norea ( http://www.norea.no/page.php?mtid=1&elid=5484 ) om forsoningsprosjektet Musalaha. Omgrepet Musalaha er arabisk og tyder forsoning.

Kva skjer dersom ungdom frå Israel og Palestina møtest, tenkte Salim Munayer som er kristen palestiner og samtidig israelsk statsborger. Salim grunnla derfor organisasjonen for 20 år sidan. Med utgangspunkt i Jesu lære om også å elske sine fiendar, tenkte Salim at det må vel gå an å få unge palestinarar og unge israelarar til å møtest, på leir, for å snakke saman og ha det moro saman.

Salim Munayer seier at han ser at både haldningar og handlingar blir endra etter ein leir i Musalaha. Gjennom 20 år har tusenvis av unge opplevd dette. Men for å få til ei samfunnsendring er det behov for at fleire palestinarar og israelarar opplever dette.

Det vil også vere behov for ei endring i sjølve samfunnsstrukturen. Men grunnlaget for alt fredsarbeid er relasjonar, slik at ein kan stole på kvarandre og forhandle med kvarandre, understrekar Salim Munayer.

Sjølv om ungdom frå båe sider møtest og knyter venskapsband, er det nok enno ikkje nok tillit i samfunnet til å bygge freden, seier grunnleggjaren av Musalaha, Salim Munayer.

I programmet møtte vi Raed Hanania frå Betlehem på Vestbreidda som har opplevd å verte audmjuka av israelske soldatar ved passering gjennom sjekkpostane ut og inn av Vestbreidda.

Vi møtte også Sarah Atwood som var 18 år då Intifadaen starta i år 2000 og opplevde at ei venninne vart drepen av ein palestinsk terrorist.

Dette innlegget på bloggen er basert på det Per Ove Stige skreiv om emnet på Norea sine sider. Der kan du og høyre intervjuet om att. Om du vil lese meir om Musalaha, kan du finne ein artikkel på engelsk wikipedia, men det er enno ikkje noko på norsk wikipedia om denne organisasjonen. Sjå http://en.wikipedia.org/wiki/Musalaha