Pendling

Share

Vi hadde eit møte i Valle Radio siste veka, og då snakka vi om påskesendingane, mellom anna. På møtet kom det fram at Helge Dahle, som er sett opp til å ha påskesendingane i år og, nettopp hadde reist ut på ein to vekers arbeidsperiode i Nordsjøen att.

Det fekk meg til å tenkje litt på pendling. Det vert eit noko oppstykka liv når ein pendlar. Sjølv har eg dei siste åra vore vekependlar. Kvar veke går turen mellom heimen i Mandal og jobben i Valle. Nokre refleksjonar kring det fylgjer nedanfor.

Sundag kveld set eg meg i bilen for å køyre til Valle. Det er ein triveleg tur. Eg prøver å tilpasse det slik at det meste av Hovden-trafikken er ferdig når eg kjem på Riksveg 9. Og så vil eg gjerne høyre Salmer til alle tider når eg dreg oppover. Som regel vert det ein stopp på Evje for å få ein kopp kaffe før siste del av turen.

Fredag går turen nedover att. Då møter eg ofte ein del av ski-folket på veg til Brokke og Hovden. Men då er det lyst, så det gjer ikkje så mykje. Trafikken er fin og det er sjeldan ein opplever stygge situasjonar.

Men det er ikkje til å unngå at ein av og til tenkjer på at ein må forsake ein del sosiale aktivitetar når ein er pendlar. Sist helg var det prestegjeldsaksjon i Valle, og truleg hadde eg vore der om ikkje pendlinga kom i vegen. Og om eg hadde budd i Mandal heile veka, så kunne eg og kona delteke i saman aktivitetar som no går oss forbi på grunn av pendlinga mi.

Slik vil det vel vere for dei fleste pendlarar.