Nye opptakarar

Share

Endeleg har vi fått nye opptakarar, slik at vi kan ut i felten og lage eit opptak for å bruke det i radioen. Det har vore eit sakn ganske lenge, for MD-spelarane vore har vore øydelagde, og det ser ut til at MD er på veg ut som opptakarar på den måten. I staden har det kome utstyr som lagrar på minnebrikker og der ein kan flytte opptaket over på ein PC som ei fil, redigere på det, legge på songar og elles fikse det og gjere klart til sending.

I dag var vi i kommunestyresalen og fekk opplæring av Kjetil Karolis Jore, og han synte oss steg for steg korleis vi skulle gjere. Så no er det tid for å øve sjølv, og så må vi ha ei ny samling om ei stund for å diskutere korleis vi skal få til gode opptak.

Takk til styret i Valle Radio som gav grønt lys for innkjøp av desse opptakarane. Det var ein kostnad, men det var naudsynt no.

Og folk var begeistra.