Hjortedyr som husdyr

Share

I programmet for onsdagskvelden stod det at Trond Støle skulle spele musikk frå klokka 20 til 21. Det var jo litt av kvart, eg hadde gleda av å få vere med han i studio, og vi snakka om mange ting, mellom anna om at han legg ut rundballar med for til hjort, elg og rådyr. Det er spisetid for hjort i kveldinga, medan elg og rådyr gjerne kan vere innom midt på dagen.

Når det er så kaldt som det har vore no, brukar dyra minst mogleg energi, så dei held seg stille det meste av tida. Men dei må jo ut etter mat, og av og til ser ein dei frå vegen eller på vegen. Er ein uheldig, så får ein dei på panseret, det er ikkje å trakte etter. Tron fortalde at han trudde foring heldt dyr borte frå vegen. -Å oppleve at dei står bare 10 meter frå deg medan du legg ut ein ny rundballe, er ganske spesielt og ei stor naturoppleving, sa han.

Det meste han spelte var norsk musikk, variert var det i alle fall. Han tok ein runde i hylla og plukka litt av kvart, og så gjekk praten om laust og fast. Ein av melodiane var at songaren ville dra til Italia, så eg spurde om han hadde vore der. Det hadde han ikkje, men han fortalde frå 18 månader på skip i ungdommen. Det hadde gjort at han hadde vore mange plasser rundt om i verda.

Vi var og innom Miljøfyrtårn og arbeidet med å sertifisere alle einingar i Valle kommune, slik at kommunen skal kunne kalle seg miljøfyrtårnkommune. Målet er å få gjort det innan sommaren. Det er eigne krav for ulike deler av kommunen, og kvar eining må gjennom prosessen.

Ein slik time går ganske fort . Om du som les dette har lyst til å vere med på eit slikt program, er det bare å snakke med ein av programleiarane, så ordnar det seg sikkert. Så får du og vere med på å lage underhaldning for lydarane.