Tid for song

Share

I fleire år har eg hatt ein tanke om å lage eit program med song frå hei til hav. I morgon vil eg gjennomføre det. Eg har kalla programmet Setesdal syng og vil finne noko musikk frå ulike personar.

Det har slått meg at det er mykje song i Setesdal. Mange musikarar og songarar har til og med gjeve ut plater og slik teke vare på songen. Eg har ikkje bestemt kva som skal kome i programmet enno, eg finn platene i studio når eg kjem i radioen i morgon.

Men det er mange songarar ein kunne nytte opptak av. Kirsten Bråten Berg og Anne Karin Kaasa er vel dei to mest kjende, men Birgit Rike Lund, Kim André Rysstad og Setesdal Roots Band kan og trekkjast inn. Om vi går til kasettar, så har vi Eivind S. Berg, og om vi tek med amatøropptak, så har vi noko av den typen og i radioen.

Det er jo mest tradisjonell song vi finn i denne samanhengen. Ulike typar viser, stev og salmer kan ein finne opptak av. Så det skulle ikkje vere så stort problem å fylle den halve timen eg har sett av til dette programmet. Kan hende inspirerer det meg til å lage fleire slike program.