Hylestad skule – song

Share

Onsdagskvelden var rektor Elise Marie Kringen i studio og fortalde om jubileet som skal markerast i dag. Det var i 1958 det starta, då var skulen ny. Men festen er i dag, den begynte klokka 15 og skal gå til 21. Dei fyrste tre timane er det utstillingar og kafe, men klokka 18 vert det jubileumsprogram. Alle elevane stiller i røde t-skjorter med logo, det er musikk og tale og sang og dans på Hylestad soknehus i dag.

Sjølv hadde eg eit år som rektor der på skulen for nokre år tilbake. Det var eit interessant år som eg er takksam for å ha fått opplevd. Den gjengen av lærarar som jobba på skulen, var det ei oppleving å verte kjent med.

Songen

Her er songen eg skreiv til festen:

Melodi: Jeg gikk en tur på stien

På Nomeland ligg skulen så rød og flott og fin
No femti år den fyller, den gamle skulen min

Refreng:
Stem i, syng med, ein song for skulen vår.
Så fin /og flott /den tett ved vegen står.

Heilt ny i femtiåtte, i gamle Hylestad
då var det folkeskule, og framhaldskule bra.

Men skulen den har vakse, som heilt naturleg er.
Den fekk sin eigen gymsal, den likar vi er her.

Og sidan fekk den fleire rom, den heilt fornya vart
Så god ein plass for borna, som finn på mykje rart.

Her kan ein sparke fotball, her kan ein gå på ski,
den kjære barneskulen, sju år går fort forbi.

Her ung og gammal trener, her trivest folk så godt,
eit hus for heile bygda er skulen vi har fått.

Her lærer folk å lese og rekning høyrer til
elevar syng på engelsk og møter folk med smil.

Vår gamle gode skule, den vil vi gjerne ha,
dei neste femti åra, det trur vi skal bli bra.

No skal eg ta ein tur på festen og få høyre meir om skulen og dei som arbeider der i dag.