Hylestad skule – fest

Share

Femtiårsfesten for Hylestad skule vart ein strålande suksess. Det starta klokka 15, eg kom dit om lag klokka 17, ein time før programmet skulle starte. Men eg hadde store problem med å finne parkeringsplass og måtte køyre opp bak Soknehuset og parkere utanfor Heddistoga. Då eg kom inn, var det kø ut i gangen for å kome til og få kjøpt seg noko å bite i. Nydeleg suppe og eplekake (potetkake for dei som ikkje kjenner lokalt namn) det gjekk unna, men grytene på kjøkken var store.

Eg fann meg plass med Knut Brokke, som sat der saman med Anny og sonen Tor. Me fekk ein triveleg prat, Knut skulle kåsere om korleis skulen var i Hylestad før 1958. Sjølv hadde han gått to år på Hylestad skule, det var i den tida det var framhaldskule der. Han ville gjerne lære engelsk før han drog vidare på skule.

Halv seks tok folk til å gå frå matsalen for å få plass oppe i festsalen, som etter kvart var stuvfull og vel så det. Eg prata med Elise Marie Kringen, som fortalde at det var 200 stolar på Soknehuset, men at dei hadde teke med 50 frå skulen. Alle var fulle, og folk sto langs veggene då noverande elevar dirigert av Ragnhild Nomeland slo til med ein rap til å begynne med. Så song vi songen eg hadde dikta, og deretter tok Leonhard Jansen over som festleiar, noko han hadde vore då dei feira 30-årsjubileum i 1988. Elise Marie var rektor då og, men ho har gjort mykje i mellomtida før ho kom attende som rektor for eit par år sidan. Fleire gamle rektorar hadde møtt opp, Astrid Opdahl Knudsen, Vidar Lunden, Andres Helle. Sjølv har eg og vore rektor der eit år, i tillegg til at eg dei fleste av åra mine i Valle var næraste nabo til skulen.

Andres Helle heldt ein glimrande festtale. Ut av ei gamal skuleveske han hadde med på talarstolen drog han ut mange gamle effektar i løpet av talen, og jubelen sto i taket då han las frå Love eller Romantikk frå 1958. Det var og munnharpespel ved Sigurd Brokke og Folke Åmlid før Knut Brokke slapp til med sitt innlegg. Så var det matpause, og etter pausen var det musikk og leikarring av gamle elevar som Hallvard T. Bjørgum og Birgit og Tor Espen Helle.

Men før festen var slutt klarte eg å lirke bilen ut på Riksveg 9 og legge nasen mot helg i Mandal.