Dyr i vegen

Share

Fædrelandsvennen fokuserte laurdag på dei mange påkjørslane av elg og rådyr som har vore i sommer. De som les bloggen min hugsar kanskje at eg skreiv om dette då Trond Støle var gjest i studio. Han legg ut for til elg, hjort og rådyr, og meinte at det hadde ført til at færre dyr var på vegen i vinter. 2 elgar og 10 – 15 rådyr er påkøyrde i Valle, medan 9 elgar og 11 rådyr har måtta bøte med livet i Bykle.

Valle Radio sin medarbeidar Bjørgulv T. Berg var avbilda der han sette opp elgskilt og lykt for å varsle om den store elgfaren.

Sjølv har eg opplevd å vere nære på å ta rådyr mellom Byglandsfjord og Bygland når eg kjører opp dalen om kvelden eller tidleg morgon, men til no i vinter har eg klart å unngå å treffe dei. Men ein er nøydd til å halde augo opne. Ein kveld stod det ein elg sør for Skomedal og ville over vegen, men den snudde då eg kom. Men ein tenkjer på det når ein er på vegen.

Det er kanskje noko drastisk å gjere som Trond Støle, men når dyra slepp å gå på vegen for å få mat, er det sikrare for alle partar. Så kanskje kunne ein gå over til å slå gras for å fore hjortedyr i staden for sauer. Kulturlandskapet vart halde ope, og trafikkulukkene gjekk ned.