23 karenarar i Valle

Share

For vel eit par veker sidan kom 15 karenarar til Valle, så no er vi oppe i 23. Dei fyrste som kom, kom i mai for snart to år sidan. Dei har funne seg godt til rette i bygda vår. Dei bur i Leite og har etter kvart fått mange vikariat innan reinhald for kommunen.

To familiar på til saman 15 personar skulle kome til Valle sist i november. Men det høvde seg slik at akkurat då dei skulle dra frå Bangkok, starta det med politiske protestar der, så flyplassen vart stengd. Det førte til at dei måtte vente i to månader, men sist januar kom dei til Kjevik og vidare til Valle i sprengkulde, det var i den perioden vi hadde minus 20 grader. Dei kom frå pluss 30, så det var litt av ein overgang.

Etter eit par veker med formelle ting som måtte ordnast, starta dei på norskopplæring denne veka. Og i går kveld var det velkomstfest for dei i regi av diakoniutvalet. Prostidiakon Per Emnauelsen leia arrangementet på Menighetshuset, det var song og velkomsthelsingar frå ordførar, prest, vaksenopplæring og sundagsskule. Eg visste ikkje at Per kunne spele munnspel, men han gav oss nokre nydelege, vare tonar. Det inspirerte PeKa, som har vore her halvanna år, til å syngje saman med han, det vart reint andakt då han song Hvilken venn vi har i Jesus på karensk til tonefylgje av Per.

Sjølvsagt var det noko å bite i, Astrid Nomeland i diakoniutvalet stod for det, saman med dei andre i utvalet.

Dei fyrste karenske flyktningane kom frå Mae La, sjå http://no.wikipedia.org/wiki/Mae_La

Dei andre kom frå Tham Hin, som er leiren som ligg nærast Bangkok. Sjå http://www.unhcr.org/publ/PUBL/3da150087.pdf

Ein av dei som kom her, takka så mykje for at dei fekk kome og sa dei gledde seg over å vere her. Htoo Thaw omsette for oss, det var god hjelp. Han og Naw Si har no fått jobbar som tospråklege assistentar i skule og barnehage i samband med mottaket.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *