Askeonsdag

Share

I kveld var det fastegudsteneste i Hylestad kyrkje. Difor tok eg turen til Rysstad og fekk ei fin stund i kyrkja. Det var full liturgi ved sokneprest Arne, nydeleg musikk frå galleriet ved organist Tonhild, tekstlesing ved Sissa. Etterkvart vart det harmoni mellom salmene og stemmen min og, så då kan eg vel seie salmesong ved Harald og den øvrige kyrkjelyden. Men eit par av dei fyrste salmene harmonerte ikkje med det eg kunne frå før, så då var eg meir forsiktig.

Eg har sett pris på fastegudstenester heilt sidan eg song i Sandnes Menighetskor og vi var med på fastegudstenestene som prost Asbjørn Tonstad hadde der på 1960-talet. Å få syngje litaniet og så gå over til nattverdliturgien, det er ei rik oppleving både musikalsk og i det poetiske språket.

Det var no fleire år sidan eg hadde vore i Hylestad kyrkje. Dei hadde teke ut eit par benker, fått nytt høgtalaranlegg og måla veggene, så ho var minst like vakker som før. Etter messa var det kyrkjekaffe i benkene, mest som i vegkyrkjetida. Te og pepperkake fekk praten på glid. Naturleg nok var den innom bilulukka på Rysstad bare halvtimen før messa starta. Vonleg gjekk det godt med dei involverte, sjølv om helikopter måtte bringe dei til sjukehus.