Hylestad skule 50 år

Share

Inneverande skuleår er Hylestad skule 50 år. Det skal markerast med ein stor bygdekveld om ei veke. I går var Henri-Tore Viki i radioen for å fortelje om dette. Då snakka vi om det fine anlegget dei har fått etter kvart. Uteanlegget opp i bakken bak skulen og leikeplassen gjer det veldig triveleg der, og Henri-Tore rosa samarbeidet med ivrige foreldre som stilte opp når det var noko som måtte gjerast.

Jubileumsfeiringa skal starte klokka 15 og gå til klokka 21. Det vert høve til mat og prat og kos, ei utstilling av gamle leiker er planlagt, og difor ville han gjerne få inn gamle leiker frå folk. Det kunne vere traktorar og gravemaskinar eller småbilar eller kva anna som folk har leika med i desse 50 åra.

Vi snakka og om at elevane ikkje har så lett for å førestille seg at skulen er 50 år og skal feire jubileum, men at no i innspurten går det meir opp for dei. Henri-Tore hadde ikkje alle informasjonane, så rektor Elise-Marie kjem neste onsdag for å fortelje meir. Planen er visst at folk som har vore lærarar og rektorar gjennom åra og er inviterte, i tillegg til alle som har gått på skulen. Det kan bli ganske fullt på Soknehuset om alle kjem, det må jo vere mange hundre personar som har tilknytning til bygget i krysset der vegen til Sirdal startar.

At trafikken i tidlegare tider kunne vere sjenerande, hugsar eg godt frå det året eg arbeidde ved skulen. Når ein stor trailer dundra forbi, var det mange som hadde meir lyst til å sjå kven det var, enn til å jobbe med fag i timen. No er klasseroma flytte vekk frå vegen, så den nye Hylestad skule har ikkje det problemet.

Som jubileumsgåve ser det ut til at garderobar og dusjanlegg kan få ei oppussing i løpet av året, ettersom 100.000 kroner frå Regjeringa sin tiltakspakke er tenkt brukt der.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *