OCAS-mast på den nye kraftlinja

Share

Onsdagskvelden hadde eg ein interessant samtale med Morten Mørk. Han er sjef for OCAS, eit selskap som har spesialisert seg på å levere varslingsutstyr for kraftliner.

Bakgrunnen for det var at Planutvalet gjorde dette vedtaket tirsdagskvelden: Planutvalet meiner Statnett må nytte OCAS-varsling i spennet mellom mast M445 og M446. Grunngjevinga er at det er dette som er lagt inn som premiss i konsesjonshandsaminga og som gjev minst visuell forsøpling. Blir masta liggjande utanfor 40-metersbeltet, må det sendast inn byggjesøknad og søknaden blir handsama etter plan- og bygningslova.

Då eg såg dette vedtaket i protokollen, spurde eg David Tharaldsen om kor dette var. Han synte meg eit kart og fortalde at det var på grensa mellom Valle og Bykle, og at begge kommunane gjorde likt vedtak. Det er eit luftspenn på nærare ein halv kilometer mellom to fjelltoppar vest for Trydal.

Etter kvart fekk eg tak i Morten Mørk og vi hadde ein hyggeleg prat. Han fortalde at han hadde bakgrunn som pilot i Forsvaret. År om anna omkom kameratar fordi dei kolliderte med slike spenn. Difor bestemte han og ein kollega seg for å gjere noko med det når dei slutta som pilotar, og i 2000 stifta dei OCAS, som betyr Obstacle Collision Avoidance System. Dette skal erstatte det gamle systemet med blåser som heng på luftspennet, eit system som kan høve for båtar, men som ikkje har nokon særleg virkning for ein pilot. Når ein tenkjer på kor vanskeleg det er å sjå eit stort fly langt borte, kan ein nok og tenkje seg kor vanskeleg det er å sjå slike blåser når ein sit i eit fly. For ikkje å snakke om når det er tåke eller regn.

Difor har dei utvikla eit system som med radar finn ut om eit fly er på kollisjonskurs med lina og som sender varsling til flyet gjennom lys og lyd til sambandet alle fly har. På den måten får dei varsling før det vert farleg. Systemet er sjølvforsynt med straum gjennom solcellepanel. På slutten av samtalen nemnde Morten Mørk og at det i Setesdal hadde vore kravd at mastene skulle kamuflerast best mogleg. Det kunne ein gjere med dette systemet, for ein trong ikkje male mastene i røde og kvite fargar for at dei skulle vere lette å sjå.

Det var ein lærerik og interessant samtale.

Her er lenke til ein artikkel i Teknisk Ukeblad: http://www.tu.no/nyheter/ikt/article52185.ece
Årets ingeniørbragd: http://www.statnett.no/no/Nyheter-og-media/Nyhetsarkiv/Nyhetsarkiv—2007/OCAS-tildelt-pris-for-Arets-Ingeniorbragd/
Og her er heimesida til OCAS: http://new.ocasinc.com/index.cfm

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *