Store Norske Leksikon

Share

I nokre år har Store Norske Leksikon vore tilgjengeleg på Internett mot betaling. I går vart det fritt, det vil seie at kven som helst kan gå inn på http://snl.no og lese artiklar frå leksikonet. Dei har og lagt inn artiklar frå Medisinsk leksikon og Biografisk leksikon i same systemet, så no blir det sagt at dei har 300.000 artiklar.

Wikipedia hadde ein konkurranse på tampen av fjoråret og nådde 200.000 artiklar før jol. I skrivande stund er det knapt 210.000 artiklar på bokmål og vel 46.000 artiklar på nynorsk wikipedia. Den store føremonen med wikipedia er at det er versjonar på så mange språk. På engelsk er det over 2.763.000 artiklar, og tysk har 872.097 artiklar når eg skriv dette. Så om ein kan eit av desse språka, får ein tilgang til mykje stoff i tillegg til det norske på http://no.wikipedia.org

Store Norske Leksikon har vore eit godt papirleksikon. Men utgåva på Internett er ikkje så imponerande enno, så langt eg kan sjå. Grunnen til det er at ho ikkje tek i bruk det som er spesielt med internett-tekstar, det som vert kalla hyperlenking. Å kunne lenke til ein annan artikkel, som ein så kan nå med eit trykk på denne lenka, rett frå teksten ein les, det er ein føremon som wikipedia har nytta seg mykje av. Når eg skriv ein artikkel i wikipedia, lagar eg ei lenke ved å setje ein dobbel hakeparentes rundt ordet som eg lenkjer, og plutseleg så kan lesaren gå til den artikkelen.

Svært mange har vore opptekne av lanseringa av SNL på nett, gratis. Det er naturleg, ein er van med å finne stoff gratis på internett ved hjelp av søkemotor. Wikipedia har fått ein ranking hos Google som gjer at artiklar der kjem høgt på listene dei lagar. Det spørs korleis det går med SNL, om dei får så høg ranking at dei kjem høgt opp og dermed får trafikk. Dei treng trafikk, for tanken er at dei skal løne skribentar og då må dei ha inntekter. Det skal dei få frå annonsar, og utan trafikk vert det få annonsar.

Vi som skriv på wikipedia, har hatt forventningar til at Store Norske Leksikon skal bli gratis å bruke. Ikkje fordi vi vil skrive av, men fordi vi då kan kontrollere det vi sjølve skriv opp mot det som står der. Eg trur det vert ein rikdom for alle som les norsk å ha fleire slike kjelder til kunnskap tilgjengelege. Men med få hyperlenker og få bilete verkar ikkje førsteinntrykket å vere så skræmande som eg trudde det skulle bli. Ingen veit korleis det vert om tre år, så eg er spent på korleis det utviklar seg.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *