Årsmelding 2008

Share

Valle Radio
Årsmelding for 2008

Styret har i 2008 bestått av Harald Haugland, leiar, Ørnulf Hasla, nestleiar, Helge Homme, kasserar, Jørund Georg Jore, teknisk sjef og Inga Flateland, styremedlem. Varamedlemmer har vore Britta Lise Homme og Anna Rysstad.

Aktivitet
I 2008 heldt vi fram med det opplegget som vi etter kvart har falle ned på: Sendingar tysdagar og onsdagar i skuleåret og i samarbeid med Evje Radio fyrste fredag i annankvar månad + nokre ekstrasendingar. Siste sending i kvar månad er som regel overføring av kommunestyremøte

Dermed får vi denne lista med til saman om lag 70 gonger på lufta:

36 onsdagssendingar:
9., 16., 23. og 31. januar
6., 13. og 20. og 27. februar
5., 12. og 26. mars
2., 9., 16. og 23. og 30. april
7., 14., 21. og 28. mai
25. juni
Det var sett opp andre sendingar i juni, men dei gjekk ut.

27. august
3., 10., 17. og 24. september
8. 15., 22. og 29. oktober
5., 12., 19. og 26. november
10. og 17. desember.

7 «Heile dalen»-sendingar
4. januar
7. mars
Skjærtorsdag 20. mars
1. påskedag 23. mars
2. mai
3. oktober
5. desember

1 spesiell sending
22. desember: Jolesending

Tysdagssendingar
Om lag 30 tysdagssendingar

Medarbeidarar:
Programleiarar:
Bjørgulv T. Berg, Helge Dahle, Ørnulf Hasla, Harald Haugland, Britta Lise Homme, Øyvind Jacob
Open sending: Jorunn Lund Harstad, Rolf Erik Homme,
Teknikarar:
Inga Flateland, Torleiv Soltun Haugen, Jørund Georg Jore, Gudrun Rysstad, Torhild Sandnes, Knut Olav Tveiten
Telefonvakter:
Torbjørg Hoftuft, Berit Homme, Bjørg Ragnhild Trydal Jansen, Gudrun Nomeland, Anna Rysstad, Ingebjørg Ellinor Rysstad, Ingun Uppstad
Andre medarbeidarar:
Niklos K. Besteland, Torleiv B. Harstad, Håvard Viki
I tillegg kjem folk som har vore med under spesielle sendingar og som eg ikkje har nemnd.

Valle Radios blogg
Harald Haugland skriv bloggen og har hatt 275 innlegg i 2008. Den har hatt 37.235 besøk og 209.552 sidevisningar .i 2008.

Å minnast frå 2008
*Helge Dahle hadde god suksess med påskesendingane i fjor, så økonomien er god.
*Kurset på Gimlekollen 31. mai og dagen i Kristiansand var ei vitamininnsprøyting.
*Arbeidet med ny internettside har teke svært lang tid.
*Nye reklamar var klare til hausten 2008. Takk til Britta Lise for å gjere denne jobben.
*Nytt opptaksutstyr for programleiarane vart kjøpt inn i 2008 og teke i bruk i vår.
*Bykle Radio i samarbeid med Valle Radio fekk forlenga konsesjon til 2015.

Takk
Eg vil takke alle for innsatsen i året som gjekk og be dykk engasjere dykk vidare arbeid til beste for bygda gjennom Valle Radio.

Valle 30. mars 2009

Harald Haugland

Program 31. mars

Share

Tirsdag 31. mars

Ansvarleg: Harald Haugland

18:00 Kvarteret
18:15 Over ein open Bibel
18:30 Tale av Egil Grandhagen
19:00 Sangtime. Valenkoret syng norske songar.
20:00 Tysdagsmagasin
20:30 Postludium ved Harald Haugland
21:00 Kyrkjebakken

Ikkje sending onsdag 1. april. Vi har sending til heile dalen fredag 3. april.

Årsmøte

Share

I kveld skal eg bare minne om annonsen som stod på side 13 i Setesdølen fredag:

ÅRSMØTE
Valle Radio

held årsmøte på Valle Motell
måndag 30. mars klokka 19:30

Vanlege årsmøtesaker. Pizza

Samtale om påsendingane etter at årsmøtet er ferdig.
Alle må møte. VEL MØTT!

Og så vil eg gratulere dei som gjekk Sesilåmi i dag og kom seg over fjellet.

Legesamarbeid

Share

Legen i Bygland skal tilsetjast av Valle kommune, kunne vi lese i Setesdølen for ei tid tilbake. Det hadde ikkje lukkast Bygland å få søkjarar til stillinga, med unntak av Vidar Toreid, som dei ikkje vil ha. Ved å samarbeide med Valle, vona dei å få fleire søkjarar til stillinga.

Men dette var ei løysing som kommunestyret i Valle ikkje kjende til, og difor spurde Olaf Henrik Homme frå Arbeidarpartiet om dette i siste kommunestyremøte, Svaret kunne du lese i siste nummer av Setesdølen. Rådmann Arne Tronsen opplyste då til kommunestyret at samarbeidet mellom Bygland og Valle på denne måten skal styrke det totale helsetenestetilbodet i kommunane. Om det syner seg at ein får søkjarar, må ein endeleg avtale opp til politisk handsaming.

I same nummer av Setesdølen skriv Vetle Toreid, som er son til Vidar at ganske mange har skrive under på eit innbyggjarinitiativ for å få Toreid tilbake. Han er spent på korleis det går går når dette skal handsamast i Bygland kommunestyre.

For meg såg den annonsen ut til å vere ein måte som Bygland kunne tilsetje sin oppsagde kommunelege på. Ved at Valle er arbeidsgjevar, slepp dei å innrømme at dei hadde feil, men kan få ein lege som folk i bygda vil ha. Var det ikkje betre å bite i det sure eplet og seie at den rådmannen som reiste, kosta Bygland dyrt og at ein får redde stumpane.

Det er grunn til å ønske den nytilsette rådmannen i Bygland til lukke. Ho kan trengje det.

Beredskapsplanar

Share

Toralv Andersen frå Arbeiderpartiet spurde i kommunestyremøtet onsdag om beredskapsplanane fungerte då internett og telefon forsvann i Valle sist veke. Det var ikkje bare i Valle, store deler av dalen vart utan samband, eg høyrde at det var ein gravemaskin på Ose eller i Bykle som var skuld i situasjonen.

Ordførar Bjørgulv Sverdrup Lund fortalde at beredskapsplanane fungerte internt i kommunen, men at dei frå Telenor ikkje fekk noko informasjon. Frå fylkesmannen fekk ein informasjon, men den var feil, sa han.

Etter mi meining syner dette kor sårbart samfunnet er blitt. Heldigvis er det to leverandørar av mobiltelefon, og netcom/tele2 sitt system fungerte. Men det burde vore slik at når eit nettverk ikkje fungerer, så vart ein automatisk kopla over til det som fungerer. No var mobiltelefon for telenor-kundar heilt daud. Og når internett ikkje fungerer, må ein ha naudløysingar mange stader.

Det er vel og bra å konkurrerer når alt fungerer, men i situasjonar som dette bør ein droppe konkurransen og heller hjelpe kvarandre slik at kundar får den kommunikasjonen dei treng. Det er eit krav kunder bør kunne stille til leverandøren av slike tenester. Men her må det nok politiske påbod til om slike krav skal verte innfridde.

Hasla – Årets Håndverksbedrift

Share

Eg klypper frå heimesida til Hasla:

Hasla AS vart etablert i 1984 av Ørnulf Hasla. Verkstaden/butikken ligg i Valle i Setesdal, i ein bygning som er ført opp i tradisjonell stil. Ørnulf Hasla flytta til Setesdal i 1979 der han tok svennebrevet som gullsmed i 1983, og meisterbrevet i 1985. HASLA held til i sentrum av Valle i Setesdal. Der har vi verkstad og butikk, og lagar smykke med moderne og tradisjonell design. Vi prøver heile tida ut nye uttrykk, samstundes som vi byggjer på det tradisjonelle. Vi har spesialisert oss på sylv til bunadane i Agder, Telemark, Rogaland, Trøndelag og Gudbrandsdal. Sylvet til desse bunadane har lange og sterke tradisjonar, og med utgangpunkt i desse tradisjonane lagar vi sylvet med vårt eige særpreg, og med den kvaliteten HASLA er kjend for. Vi seier gjerne at «Sylv frå HASLA eig du ikkje, du tek vare på det for seinare generasjonar.»

Ørnulf var hos meg i radioen i nyhetstimen onsdag etter at dei hadde fått utmerkinga som Årets Håndverksbedrift. Det var første året NHO delte ut ein slik pris.

Eg klypper litt meir frå heimesida deira, der det står om utmerkinga:

Årets Håndverksbedrift 2009
I juryen;
Tove Ingebretsen, Innovasjon Norge,
Therese Ugland og Trond Bergstuen, Gjensidige og
Vibeke Giske, forfall med vara Morten Ø. Klemp
Trine Thommesen, forfall

Juryen har vurdert bedriftene ut fra et helhetsperspektiv;
• Lønnsomhet – Bedriften må ha bevist sin levedyktighet
• Marked – Bedriften må ha god profil og være godt ansett i markedet
• Kvalitet – Holde høy håndverksmessig kvalitet
• Omstilling – Fremtidsrettet/ ny måte å tenke på
• Opplæringsbedrift – rollemodell for unge utøvere

Juryens uttalelse om vinneren:
Bedriften har gode nettsider som både presenterer bedriften og produktene på en fin måte.
Har en god grafisk profil, et tidsriktig uttrykk for en lokalt basert bedrift som tar vare på kultur og tradisjon. Profilen er tiltalende for nye kjøpegrupper og bringer tradisjonen videre til nye generasjoner.

Gratulerer!

Her er lenke til heimesida. Gå inn og les og finn ut meir der:
http://www.hasla.no/

Årsmøte

Share

Som eg har skrive om før, blir det årsmøte i Valle Radio måndag 30. mars klokka 19:30 på Valle Motell. Det er viktig at flest mogleg møter, for når årsmøtet er til ende, skal vi snakke om påskesendingane. Dei nærmar seg med stormskritt. Særleg treng vi at dei som vil vere telefonvakter, møter opp. Hovudprogramleiar til påskesendinga vert Helge Dahle, og teknikarane er klare.

Det vert vanlege årsmøtesaker: Årsmelding, rekneskap og val. Valkomiteen har gjort jobben sin og vil legge fram sine framlegg til val på møtet.

Vel møtt til ein hyggeleg kveld. Når årsmøtet er over, vert det pizza.

Program for veke 13 – 2009

Share

Tirsdag 24. mars

Ansvarleg: Harald Haugland

18:00 Kvarteret
18:15 Over ein open Bibel
18:30 Religiøse folketonar
19:15 Bibeltime over Efeserbrevet ved Johnny Vågen
20:00 Tirsdagsmagasin
20:30 Postludium ved Niklos K. Besteland: Henry Purcell 350 år
21:00 Kyrkjebakken

Onsdag 25. mars

Teknikar: Jørund Georg Jore

19:30 Kommunestyremøte

Årsmøte for Valle Radio
vert måndag 30. mars kl. 19:30 på Valle Motell.

Påskesending og litt til

Share

For eit par veker sidan var det eit møte der Helge Dahle, Ørnulf og Britta Lise planla påskesendingane. I dag, etter eit møte vi hadde med Bykle Radio, kom vi litt vidare. Det er eit år sidan sist, og noko av det tekniske utstyret har ikkje vore i bruk sidan då, så det var greitt å sjå kva som måtte oppdaterast.

Då vi evaluerte sendingane i fjor, så vurderte vi om vi kunne ha sendinga med trekning påskeaftan i staden for påskedag. Vi såg på alle bilane som var på tur nedover sundagen og tenkte at der var det mange lyttarar vi skulle hatt med oss. Men ettersom Valle Radio er ein dugnadsradio og dei som skal lage programmet også er på hyttene laurdagskvelden, måtte vi slå det frå oss. Så sendingane i påska blir som dei har vore: Skjærtorsdag og 1. påskedag, begge kveldane frå klokka 18.

Møte med Bykle Radio
På møtet med Byklefolka, det var Olav Mandt, Reidar Trydal og Ole Morten Egeland som kom på møtet, snakka vi om situasjonen etter at det no er gjeve konsesjon fram til 2015 på å drive nærradio i regi av Bykle Radio. Ettersom dei ikkje sender så mykje for tida, er det bra at vi er på lufta eit par dagar i veka. Men no er det nokre ungdommar som vurderer om dei kan kome i gang med noko. Truleg vert det ikkje før til hausten.

Planen er å ha slike møter eit par gonger i året for eit arbeidsutval som kan stå som samarbeidsorgan mellom dei to organisasjonane som no er involverte i drift av Valle Radio.

Valle Sparebank i 2008

Share

Onsdag hadde eg med meg banksjef Vidar Homme i den aktuelle timen. Han fortalde om Valle Sparebank i 2008. Rekneskapen er no lagd fram, og året vart ikkje så godt som 2007, som var eit ekstremt godt år, men på nivå med 2006, som ikkje var så dårleg. Du kan finne meir om banken på heimesidene, sjå https://www1.portalbank.no/2890/Sider/forside.aspx

Banken får gode tilbakemeldingar frå kundene, dei har ei spørjeundersøking der 200 vert spurde om korleis dei er nøgde med banken. Veksten siste året har kome etter at dei oppretta filial i Kristiansand, for dei stanga hovudet i taket i Valle. Banken har no seks minibankar, den eine som var i Oslo er flytta til Bykle, men framleis er det to i Oslo. Så er det ein i Valle, ein på Rysstad (drive-in-banken) og ein i Kristiansand. Men minibankdrift er ikkje så lønsam no som før, for avrekninga mellom bankane er blitt billegare.

Valle Sparebank sponsar Valle Radio, Valle IL, Valle VGS og Åraksøyne med faste beløp i sponsoravtalar. Kvart år gjev banken også gåver til lag og foreningar i kommunen. Du finn lista her (men du må trykke på ei lenke for å få opp ei .pdf-fil): https://www1.portalbank.no/2890/omoss/nyheter/Sider/G%C3%A5vetildeling10.aspx

Samtalen med Vidar om å drive bank i Valle var som vanleg interessant. Banken har ein forvaltningskapital på 1,2 milliardar kroner og svært mykje av pengane som dei læner ut, er innskot frå kundene, nett slik ein sparebank skal drivast.