300.00 bloggarar

Share

I dag var det ein interessant artikkel i Fædrelandsvennen. Den fortel at det er 300.000 bloggarar i Norge ved utgangen av 2008. På tre år er talet tidobla frå 30.000 i 2005. Dei fleste som skriv er kvinner, 65%, fortel Thomas Moen frå Kristiansand, som er gründar bak bloggeplattforma Ipublish.

Moen meiner folk har eksponeringsbehov, dei ynskjer å bli kjende og å få ansiktet sitt fram. Mange av dei som skriv, lagar rosa bloggar der dei skriv om mote, livet og kjærleiken, av og til og om kor teit kjærasten er. Men i tillegg til dette har vi fått temabloggar og politiske bloggar. I det siste har det og dukka opp næringslivsbloggar. http://no.wikipedia.org/wiki/Blogg

Øystein Sæbø, som er førsteamanuensis i informasjonssystemer ved Universitetet i Agder meiner at blogginga har modna med åra. Til å begynne med var det ein hobby for teknofrikar, men nok kan alle bruke dette. Difor har vi fått ein stor variasjon, både skuleungdom og stortingspolitikarar. Difor ser ein at heimesida taper, folk vil ha oppdatert informasjon, ikkje ei statisk heimeside som sist var oppdatert for eit år sidan. Han meiner difor at personlege heimesider ikkje lenger er noko å satse på. No er det sosiale medier det gjeld, der ein kan kommunisere på eit høgare nivå ved at folk kan svare på eit blogginnlegg.

Sæbø åtvarar folk og seier at med det same noko er publisert på ein blogg, har ein ikkje herredøme over det lenger. Difor er det lurt å ikkje vere privat når ein skriv ein blogg, både bilete og tekst kan finnast att om tre år når du søker ny jobb, og om du har lagt ut noko som arbeidsgjevaren ikkje likar, kan det hende du ikkje får jobben.

I avisa er det intervjua ein personleg bloggar, Cecilie Møskeland, og ein politisk bloggar, Line Vennesland. Dei har ulikt utgangspunkt for blogginga, sjølv om begge studerer til å verte sosionom ved UiA. Den fyrste likar å skrive og skriv kvar dag på bloggen, den andre brukar bloggen som ein del av valkampen, ho er andrekandidat på Ap si liste i Aust-Agder.

Valle Radio sin blogg er tekstbasert. Det er bare eit bilete der, av han som skriv, ja og så kan folk leggje seg til som vener. Ulikt Facebook har eg bare ein ven på denne bloggen, men der har eg vel snart 20 vener. Det er og for det meste ein temablogg, relatert til Valle Radio. Det eg skriv her i dag kan du høyre i sendinga i kveld klokka 18, det er manuskript til kåseriet eg skal halde då. Artikkelen i Fædrelandsvennen er ikkje publisert på nett enno, så den må du bla fram til side 18 for å lese. Men her er lenka til heimesida hans på UiA: http://home.hia.no/~oysteisa/

Sauebonde

Share

I går var det eit artig innslag i Fædrelandsvennen. Advokat og lokallagsleiar for Fremskrittspartiet i Farsund, Andreas Bjørn (Boa) Salvesen, vil kjøpe sauer til det planlagde sauehotellet i Valle. Dette kunne eg lese på side 7 i gårsdagens avis.

Boa seier at han meiner at kapital frå byen må til for å få prosjektet på føtene. Og prosjektet er viktig for at kulturlandskapet skal haldast ved like, seier han til Johs. Bjørkeli i Fædrelandsvennen. Han vil ikkje ut med kor mykje pengar han eventuelt ville skyte inn i sauehotellet, men han er klar på at målsettinga ikkje er å tene pengar. Han vil bidra til samrøre mellom bykapital og landbruk.

Eg hadde kanskje trudd at det hadde vore vår tidlegare hyrding i Valle prestegjeld, lillebror til Boa, Theis Salvesen, som ville kjøpt seg inn i sauehotellet. Då hadde han fått halde fram som pastor hos oss. Kan hende hadde det blitt nokre program i Valle Radio også. Og sjølv om han truleg hadde spelt musikk som er noko for sterk for øyro mine, hadde eg likt det. Dei gode programma Theis laga i Valle Radio, dei saknar eg.