Legesamarbeid

Share

Legen i Bygland skal tilsetjast av Valle kommune, kunne vi lese i Setesdølen for ei tid tilbake. Det hadde ikkje lukkast Bygland å få søkjarar til stillinga, med unntak av Vidar Toreid, som dei ikkje vil ha. Ved å samarbeide med Valle, vona dei å få fleire søkjarar til stillinga.

Men dette var ei løysing som kommunestyret i Valle ikkje kjende til, og difor spurde Olaf Henrik Homme frå Arbeidarpartiet om dette i siste kommunestyremøte, Svaret kunne du lese i siste nummer av Setesdølen. Rådmann Arne Tronsen opplyste då til kommunestyret at samarbeidet mellom Bygland og Valle på denne måten skal styrke det totale helsetenestetilbodet i kommunane. Om det syner seg at ein får søkjarar, må ein endeleg avtale opp til politisk handsaming.

I same nummer av Setesdølen skriv Vetle Toreid, som er son til Vidar at ganske mange har skrive under på eit innbyggjarinitiativ for å få Toreid tilbake. Han er spent på korleis det går går når dette skal handsamast i Bygland kommunestyre.

For meg såg den annonsen ut til å vere ein måte som Bygland kunne tilsetje sin oppsagde kommunelege på. Ved at Valle er arbeidsgjevar, slepp dei å innrømme at dei hadde feil, men kan få ein lege som folk i bygda vil ha. Var det ikkje betre å bite i det sure eplet og seie at den rådmannen som reiste, kosta Bygland dyrt og at ein får redde stumpane.

Det er grunn til å ønske den nytilsette rådmannen i Bygland til lukke. Ho kan trengje det.