"Løft stubbene"

Share

Dette er ein konkurranse på wikipedia som går ut på å utvide stubbar. Stubbar er korte artiklar, kanskje bare eit par linjer. Dei fleste av desse kan utvidast noko, og vi har laga ei liste på 17560 slike korte artiklar som er grunnlaget for konkurransen, som går ut på å få ein artikkel opp til over 1000 bytes, det vil seie 6-7 linjer. Sjå http://no.wikipedia.org/wiki/Wikipedia:L%C3%B8ft_stubbene_mars_2009

I vinterferien har eg kost meg med det i periodar. Det har ført meg rundt om i verda, mykje lenger enn om eg skulle dratt på tur. Til å reise på ein slik tur eller kanskje heller slike turar i det som dei kallar ” in real life – IRL” måtte eg brukt meir tid og pengar.

I dag har eg på den måten vore ein tur i Hanstholm i føremiddag og ein tur i Hauge i Dalane i kveld. I føremiddag utvida eg artikkelen Hanstholm fyr, sjå http://no.wikipedia.org/wiki/Hanstholm_fyr og i kveld var det artikkelen om Hauge i Dalane, sentrum i Sokndal kommune som fekk litt fleire linjer, sjå http://no.wikipedia.org/wiki/Hauge_i_Dalane

Konkurransen starta 1. mars og skal halde på ut månaden. Når ein skriv april, er det slutt. Til no har vel 40 personar løfta knapt 400 artiklar, så om trenden held seg, skulle vi klare å utvide eit par tusen av dei som er på lista.

Å gjere dette er å betre kvaliteten på wikipedia. Målet med nettleksikonet er å bringe kunnskap til folk utan at dei må betale for det. Etter at wikipedia på norsk starta i 2002 og i 2004 vart delt i ei utgåve på nynorsk og ei på bokmål, har bokmålsutgåva no fått 210.000 artiklar, medan nynorsk har vel 46.000. Suksessen til wikipedia har ført til at Store Norske Leksikon no er blitt fritt, før måtte ein abonnere på det, men no kan kven som helst gå inn på nettsidene til leksikonet.

Arbeidet med å utvide wikipedia har blitt gjort av ein del tusen entusiastar, sjølv om den harde kjerna av eldsjeler er om lag 100. Svært mange nye artiklar kjem frå uregistrerte brukarar, vi som er registrerte, brukar ein del tid og krefter på å rydde og fikse, wikifisere kallar vi det. Difor vil du finne eit heilskapleg system når du går til ein artikkel i wikipedia.

2 tankar om “"Løft stubbene"”

  1. Det er imponerande det Harald legg ned i bloggen til Valle Radio og Wikipedia som stadig har meir og meir kunnskap å ause av.
    Eg klikka meg inn på LirekasCD-linken under. Eg hugsar eg var ivrig lydar av programmet Lirekassen ved Lodin Aukland. Eg hugsar at grannen min, Augund K fortalde ein gong at han og Lodin hadde vore klassekameratar på Elverum lærarskule.
    Eg såg i denne lysinga om LirekasCD-ane at dei streva med det same som mange gjer, merkeleg nok, å nytte accent grave = ope lydteikn, og accent aigue = trongt lydteikn i staden for apostrofen på sida av æ-tasten. Med Ctrl- og AltGr-tastane vert det komplisert for mange, heilt uturvande. Med dette ventar maskinen på å få ein bokstav å setje teiknet over. Det same geld også tøddel og cirkumfleks = møne:
    Aïda og vârt.
    Eg er med i Sol.no/guru, og der var det nokon som lura på desse problema, og eg eg skreiv ei forklåring som sol.no/guru-lesarane sette pris på.
    Lukke til vidare med Valle Radio, bloggen og Wikipedia!
    Ånund K

  2. Ein gamal norsklærar kjenner at det rykkjer i raudblyanten når han ser feil, men akkurat dei aksentane har eg i grunnen teke lettare på enn andre ting. Det er kanskje bare dei flinkaste som får rettleiing om slike ting. Når ein skriv på wikipedia, må ein ofte bruke den Alt-Gr-tasten til høgre for mellomromstasten, for om ein skriv ein artikkel om ein svensk plass, har norsk wikipedia tradisjon for å bruke svensk skrivemåte.
    Harald

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *