Religiøse folketonar frå Sørlandet

Share

I kveld var eg i Mandal kirke på konserten Religiøse folketoner fra Sørlandet. Komponisten Sigvald Tveit var saman med Håkon Sødal, Kristina Jølsta Moi og Kjell Åge Stoveland og gav 100 tilhøyrarar ein nydeleg kveld.

Dei starta med folketonen frå Åseral: Mitt eneste håp, sidan kom fleire melodiar frå Setesdal: Den sjel sin Gud i sannhet kjenner, Vær trøstig, mitt hjerte og Den bortkomne sauen. Sødal, som bandt saman programmet, meinte at Åseral-tonen til Lær meg å kjenne dine veie var den mest kjente religiøse folketonen frå Agder. Det er ikkje sikkert eg er enig med han i det, men det gjer ikkje noko, den var fellessang i konserten.

Så kom Bud fra Herren som Bjarne Sløgedal har på plata si med religiøse folketonar frå Agder. Deretter kom Vær stille min sjel, ein melodi frå Marnardal og Jeg har et hjem, melodi frå Finsland. Dei hadde til og med funne eit par melodiar frå Lista og Flekkefjord, så etter Se ei på meg frå Fjotland kom Nu rinner solen opp frå Lista og Der ginge to til Emmaus. Denne hadde tekst av Petter Dass og var på heile 28 vers, vi fekk vel om lag halvparten, trur eg, før denne avdelinga vart avslutta med O du min Immanuel.

Ettersom det er Maria Budskapsdag denne helga, hadde dei teke med tre jolesongar. I denne søte joletid med melodi frå Setesdal var jo kjent. Mindre kjent var melodien vi fekk høyre til Et barn er født i Betlehem. Som fellessang hadde vi så No koma Guds englar, som anten er skotsk eller frå Vest-Agder. Den har aldri vore nytta i Mandal dei 25 åra Tormod Lindland har vore organist.

Konserten vart avslutta med bånsullar og kveldssalmer. Se solens skjønne lys og prakt med melodi frå Setesdal, Nu hviler mark og enge frå Fjotland og Tenk på meg når dagen heller til melodi frå Laudal eller Finsland.

Det var ei god oppleving å få med seg denne konserten. Kan hende kunne den vere noko for kulturveka til hausten.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *