Store presseoppslag

Share

Frå å vere ei sak med sterk negativ vinkling vart saka om trugsmåla mot sokneprest Arne Skare ei sak som syner positive sider ved Valle. Det er grunn til å takke Tron A. Støle for initiativet han gjorde som førte til at det og i dag var mykje stoff i Fædrelandsvennen og Setesdølen. Truleg er verdien av redaksjonell omtale i ulike medier verd ein halv million kroner om ein skulle betalt det som annonser, og då ville det ikkje hatt den krafta i seg som det no har som redaksjonell omtale med positiv vinkling.

Valle kommune er ein bra stad å bu og leve. Sjølvsagt er det tilhøve som kan verte betre, men i det store og heile har eg opplevd åra eg har budd i Valle som positive og verdifulle.

Å få til ei så sterk markering på bare eit døger, utan plakatar og trykte medier til å hjelpe seg, det er ei bragd. Det syner og at her fann ein ein tone som var felles og fann atterklang hos mange.

Her er lenke til oppslag i Fædrelandsvennen: http://www.fvn.no/lokalt/setesdal/article665155.ece

På Ole Birger Liens vegne er eg glad for at saka ikkje kom i andre media før Setesdølen skreiv om det tirsdag. Då hadde ho vore under arbeid sidan fredag, og det var godt for han at ikkje andre fekk publisere den før Setesdølen kom ut med avisa. Men etter dette har det vore i svært mange aviser, og han var den einaste som hadde teke bilete av kniven som stod i nakkestøtta, så det vart mange telefonar frå andre media som ville kjøpe biletet.

Mest av alt vonar eg at politiet finn ut av saka og at ho vert løyst på ein god måte slik at Arne og familien kan finne tilbake tryggleik og trivsel i bygda vår.

Sterk markering

Share

Det vart ei sterk markering av at bygda tek avstand frå sjikane og trugsmål i Valle i dag. Klokka 16:30 var radioen på lufta med Ørnulf Hasla som reporter ute. Då var det kome eit par hundre til parkeringsplassen ved kyrkja i Valle.

I løpet av timen til klokka 17:30 snakka så Ørnulf med Ingrid Brottveit, Frode Buen, Toralf Andersen og Olaf Henrik Homme før toget vart starta av Tron A. Støle. På veg opp Skaret snakka han så med Arne Skare, Per Emanuelsen, Tor Brokke, Ingunn og Odd Eriksen frå Bykle.

Då toget kom opp til sentrum, overtok eg litt frå studio og spelte musikk av Bjørn Eidsvåg. Så ønska Tron A. Støle velkommen og gav ordet til prost Ole Gunnar Sæbø. Deretter overrekte Øyvind Jacob blomar frå Valle Bygdeheim. Så var det helsingar frå sokneråda: Bjørgulv T. Berg frå Valle og Brita Mosdøl frå Bykle.

Då Tron tok initiativet til dette arrangementet, satsa han på at gruppeleiarane frå dei politiske partia skulle vere med. Først kom Pål Dale frå KrF, som siterte frå Visst skal våren komme av Eyvind Skeie. Deretter var det Olaf Henrik Homme frå Ap, som var i staden for Liv Tanche Larsen, som var sjuk. Frå Sp kom Steinar Kyrvestad før ordførar Bjørgulv S. Lund talte. Til slutt takka Arne Skare for støtte. Han var rørt og var ganske kort i det han sa.

Så vart det heile avslutta. Politikarane gjekk til kommunestyremøte, folk flest gjekk heim kvar til sitt.

I Valle Radio avslutta vi med å spele nokre songar av Bjørn Eidsvåg før vi kopla over til kommunestyresalen.

Presten vår

Share

Sokneprest Arne Skare var på framsida av Setesdølen i går og i dag var det stort oppslag på framsida og to sider inne i avisa om truslane han har fått. Det har og vore innslag i Sørlandssendinga om saka.

I går kveld var Tron A. Støle i Valle Radio klokka 19:30 for å fortelje om eit initiativ han har teke om å få til eit folkemøte i Valle sentrum i dag for å markere avsky for den mobbinga presten vår har vorte utsett for. Han kunne fortelje at det vil starte eit tog ved kyrkja klokka 16:30 i dag. Dei vil gå opp til sentrum, der vert det appellar frå ordførar og gruppeleiarane i dei politiske partia. Det er kommunestyremøte klokka 18, så det høvde godt å ha eit slikt arrangement denne onsdagen.

Her er lenke til eit innslag hos NRK om dette:
http://www1.nrk.no/nett-tv/klipp/489066

Her er oppslag i Dagbladet:
http://www.dagbladet.no/2009/04/28/nyheter/innenriks/trussel/5959397/

-og i Fædrelandsvennen:
http://www.fvn.no/lokalt/setesdal/article664899.ece?servicen=forgotten_pwd

-Bygda må engasjere seg når noko slikt skjer, seier Tron A. Støle. Vi skal vere ei gjestfri bygd og vi treng nye familiar. Då må vi slå ring om folk som opplever noko slikt, vi vil ikkje godta det, sluttar han.

Setesdalswiki

Share

No er Setesdalswiki lansert, sjå http://www.eskeland.net/setesdalswiki/Hovedside Det er ikkje så mykje stoff der ennå, men eg skreiv artikkelen om Setesdalskonferansen 2009http://www.eskeland.net/setesdalswiki/Setesdalskonferansen_2009 – det var på denne idéen kom opp. Og så nytta eg deltakarlista og la inn lenka artiklar, og plutseleg var det nærare 100 røde artiklar. Sjølv begynte eg å skrive litt på ein av dei før eg måtte i radioen i kveld, og då eg kom i radioen, hadde eit par artiklar blitt blå. Vonleg vert det fleire etter kvart.

Når ein skal starte frå scratch, ser ein kor mykje arbeid det er å få til rammeverket rundt artiklane. Dei skal ha kategori, og her vert det mange røde lenker, for vi har dei ikkje ennå. Det er godt å ha erfaring frå wikipedia, ein må ha tolmod og innsjå at Rom vart ikkje bygd på ein dag. Slik er det med Setesdalswiki og. Det skal verte spanande å sjå korleis det ser ut om eit år.

Etter kvart som ein skriv, ser ein nye lenkjer ein kan lage. Det er flott om du som les dette, blir med og byggjer Setesdalswiki. Det skal verte ein møteplass der vi får vite meir om næringsliv og folk i Setesdal.

Eg valde å få innstillingane slik at ein må registrere seg for å kunne skrive. Det er viktig at folk som skriv, syner kven dei er om ein skal kunne etablere kontakt. Ettersom det er eit mål med Setesdalswiki, kjennest det naturleg å ha det slik. Før det var bestemt, kom det nokre artiklar frå ip-adressar. Det kan vi leve med, men det vert betre med innlogga brukarar.

I kveld snakka eg om dette i Valle Radio, det var temaet i kåseriet mitt. Difor skriv eg om det her. Eg har starta på artikkelen om Valle Radio. Det er fint om nokon av dykk supplerer den artikkelen. Etter kvart vil det kome namn på programleiarar, teknikarar og andre medarbeidarar. Då vil det vere fint om folk fyller ut røde lenker med artiklar etter kvart.

Wikipedia på nynorsk nærmar seg 50.000 artiklar, på bokmål er det over 215.000 artiklar. Eg lurer på kva tid Setesdalswiki får 1000 artiklar.

Betre kontakt

Share

Kva kan me gjere for å utvikle kontakt mellom næringslivet i Setesdal, slik at folk og verksemder vert meir synlege? Dette var eit av spørsmåla som var tekne opp på Setesdalskonferansen på Hovden Høyfjellshotell sist veke. Noko som alle var samde om, var at møteplassar som denne konferansen var viktige, og det var difor applaus då det kom signal om at Setesdal Regionråd truleg ville sponse tilsvarande konferansar seinare år, sjølv om det no var slutt på dei sentrale tilskota som hadde vore føresetnad då tiltaket vart starta.

Eit anna tiltak som var nemnd mellom mange, var å bruke lokalradioen meir. Det verka ikkje som om han stod på postlista til alle dei som sender ut pressemeldingar i ulike situasjonar.

Og så dukka ideen om sosiale medier opp. Facebook og wiki er ofte stikkord for slike. Det er medier som fremmar samarbeid om eit tiltak gjennom å gje deltakarar høve til å bidra på ulike måtar. Eg fekk i oppgåve å gjere noko med dette, og det vil eg prøve på. Bloggen er ein god plass å starte, så difor nemner eg det her.

Kan hende burde kommunane sin policy på området endrast. I Kristiansand er det ingen diskusjon, der kan ein vere på facebook om ein er på jobb i kommunen, det synte saka med ordføraren sin feilsending av ein humorvideo tydeleg. Kanskje skulle ein opne for at folk kunne kommunisere raskt og effektivt også i Setesdal…

Hol i hovudet

Share

Då eg var liten, spurde vi kvarandre om kva vi helst ville ha, ein kopp med blod eller sju hol i hovudet. Dei fleste svara nok ein kopp med blod og gløymde å telje dei sju hola vi alt har i hovudet, nasebor, augehol, øyrehol og munn.

Runde dagar kjem oftare etter som åra går. For tre år sidan fylte eit søskenbarn 60 år, og sidan har det gått slag i slag med slike dagar dei siste åra. I kveld var det mi eldste søster som markerte merkedagen ho runda tidlegare i veka, det var ei oppleving å få vere i lag med henne, familie og venner av henne i Lyngdal i kveld.

Ho er av typen som har kontroll på arrangement, men denne kvelden var i stor grad overlevert til born, og det var ikkje mindre triveleg. Tidlegare i vinter hadde ho og mannen vore på ferietur til Bangladesh, India og Thailand, og å få nyte bilete og forteljing frå turen var ein av ingrediensane i festprogrammet. Det var og inkludert ein kyrkjekonsert i Lyngdal kyrkje, der det var musikk av høg klasse både når det var tale om song og spel.

I vår ungdom var det synd å lage hol i øyro. Ei anna av systrene mine laga hol i øyro for 35 år sidan og gøymde hola bak langt hår ganske lenge, og då mor oppdaga det, fekk ho høyre vårt moderlege opphav si meining ganske tydeleg.

i 60-årsdagen i kveld var bursdagsbarnet sin frisør med som gjest, og ho tok henne fram og rigga henne til på ein stol med eit handkle over skuldrene, og plutseleg sat det ei perle i det eine øyret, og snart etter var det og ei på plass i det andre. Jubelen stod i taket både hos jubilanten sine born og andre gjester. Bare eit heimekomponert potpurri basert på Abbas Mamma Mia-melodiar om korleis det var å vekse opp med syster mi til mor, framført av borna hennar, kunne måle seg i respons frå gjestene.

Det er ikkje hol i hovudet å markere merkedager, det er hol i hovudet å ikkje markere dei.

Setesdalskonferansen

Share

For knaapt eit par veker sidan stod det om Setesdalskonferansen i ein annonse i Setesdølen. Eg tenkte at det kunne vere ein interessant sak å ha noko om i Valle Radio, og i sendinga onsdag etter påske snakka eg med Rune Skibsrud om dette i ein telefonsamtale. Skibsplastsjefen var leiar for programnemnda for konferansen, du finn programmet her:
http://www.setesdal.no/Modules/article.aspx?ObjectType=Article&Article.ID=1106&Category.ID=592

Eg prata fyrst med Ingunn Kile og praten førte til at eg melde meg på konferansen, eg tenkte at nettverkbygging i Setesdal kan vere ein god ting for meg som programleiar i Valle Radio. Frå Valle deltok utanom meg og Tina Høgevold frå Bleieboden også to av dei som var mest sentrale i påskesendingane våre i år: Trygve Rysstad med kona Inger og Kjell Olav Uppstad. Dei fyrste var hovudsponsorar, den siste kniva om å kjøpe flest lodd, og vann dalebukse.

Det vart ein interessant konferanse, Klart vi bygde nettverk. Tema for konferansen var Tru på opptur? Korleis takle finanskrisa i høve media, kommunikasjon og marknadsføring. Det var Erik Dale frå Dale+Bang som leidde konferansen og det gjorde han på ein artig måte. Dei 30-40 deltakarane fekk rikeleg høve til å verte kjent med kvarandre og input til temaet.

Det har slått meg meir enn ein gong at næringslivet i dalen ikkje er flinke til å bruke lokalradio når dei vil få fram noko om det dei held på med. Vi møter mykje velvilje for sponsing og annonsar, men stoff til rekasjonell omtale er det få som tenkjer på. Leiaren av kafeen Møteplassen på Evje fortalde om starten i fjor vår og korleis det gjekk svært godt i sommarsesongen, men 1. september var det ikkje same susen. Men på nyåret ringde Fædrelandsvennen og ville ha ein prat, og då serverte ho blå potetstappe og anna snadder til journalisten, noko som resulterte i to sider med omtale. Ei heilside kostar 60.000 som annonse, no fekk dei det doble gratis i helgebilaget God Helg, og dagen etterpå var det kø av folk som ville ha sundagsmiddag der. Sidan har heile prosjektet gått betre.

Eg tenkte eg skulle nemne det her, det er ikkje alltid så lett for oss å fange opp ting som skjer i næringslivet i dalen, så om du har noko på hjarta, bør du ta kontakt med Valle Radio, slik at vi kan formidle det i ein samtale.

Valle Radio og Facebook

Share

Ronny nyttar Facebook aktivt når han har sending, og han sende ut denne meldinga før onsdagssendinga:

Emne: Sendingen onsdag 22. april

Til i morgen har jeg invitert Hanna Assmann Kyte. Hun er blant dem som har kommet videre i UKM på Evje. Vi tar en prat om dette mellom 18.oo og 19.oo.

Klokken 19.oo får vi som vanligt Kommunen orienterer, og denne gangen ved Rådmannen kontor.

Klokken 19.30 blir det Tankar frå Bibelen ved Håvard Viki

Klokken 20.oo til 21.oo er det Ronnys time, og jeg har invitert Erling Sagneskar. Han vil gi til beste litt om sin forestående langtur i Setesdalsheiene i sommer, og som takk for dette vil jeg tipse ham om fluer og fluefiske gjennom sesongen.

Klokken 21.oo og utover blir det Open Sending med Britta Lise Homme. Hun lover oss rebuser som dere må ringe inn på. Vi har som vanlig et overdådig premiebord.

MVH Ronny

Eg fekk ikkje med meg hele sendinga, men praten med Hanna om Ungdommens KulturMønstring og andre aktivitetar, var eit interessant innslag. Ho var flink til å fortelje og musikkvalet var variert.

Av det overdådige premiebordet fekk eg ein bifftallerken i tre og ein frisbee etter at eg ringte inn løysing på rebusen Pepperbiff. Rebusane var laga frå tilbodslista til Joker og menykartet på Sølvgarden Hotell.

Facebook kan vere eit godt hjelpemiddel i kontakten mellom lyttarar. Ei av dei som er med i gruppa på Facebook og som bur i Kristiansand, ringde inn i går. Ho hadde vore interessert i Valle Radio og gjennom gruppa hadde ho funne korleis ho kunne høyre på nettradio. Mange medlemmer av gruppa var pålogga i går under Open sending.

Men framleis står det att ein del for å finne gode måtar å bruke gruppa på.

Eit paradoks

Share

I kveldens sending var det rådmann Arne Tronsen som var med i programmet Kommunen informerer. Her tok han opp det paradokset som det er at vi som bur i Valle ikkje får bruke snøscooter i heia, men at Statkraft som byggjer linje mellom Holen og Brokke får kjøre snøscooter døgnet rundt i eit forsøk på å få ei ørn til å finne ny reirplass.

Bakgrunnen er at ei kongeørn har valt seg ut ein reirplass som ligg i traseen der linja skal byggjast. Statnett ville dekke over reiret og slik tvinge ørna til å finne ny plass, men fekk ikkje lov av Fylkesmannen i Aust-Agder. Men om dei etablerte anleggsarbeid frå 20. februar, så kunne dei kanskje skremme ørneparet bort, skreiv fylkesmannen.

No klarte ikkje Statnett å kome i gang så tidleg, men dei starta med daglege scooter-turar rundt området der ørna var. Norsk Ornitologisk Forening meiner at det ikkje er inne under omgrepet anleggsverksemd og trur at det er på kanten av det som er juridisk haldbart. Sjå http://www.birdlife.no/naturforvaltning/nyheter/?id=431

Arne Tronsen var irritert på haldninga til Direktoratet for Naturforvaltning, som han meinte hadde ei haldning ovanfrå og nedover og som ikkje tok omsyn til folk i lokalsamfunnet. Det er ikkje lett for ein kommune å avslå søknader om at folk skal få kjøre til hytta si når Statnett – som er storsamfunnet sine representantar – kan halde på slik. Argumentet om at ein forstyrrer dyre- og fugleliv, vert lite truverdig.

Engasjementet var tydeleg, og då gjekk halvtimen fort, så fort at musikken av Bruce Springsteen like godt kunne vore droppa, for engasjert samtale om aktuelleer god radio, til og med betre enn musikk.