Oppdatert

Share

Å vere oppdatert er viktig. I dag fekk eg oppdatert datamaskinen min. Som vanleg arva eg ein etter ein av ungane som har fått seg ny. Den eg hadde, var åtte år gammal, den eg har no er fire år gamal og bare fjerdedelen så stor og knapt det. Men ettersom eg har små behov samanlikna med ungdommar som likar bilete og spel, kan den gjere nytta sjølv om han ikkje er av siste fancy modell. Det er ein IBM-maskin, og IBM slutta å forhandle PC-ar til private for fire år sidan, fortel dei meg.

Jaja.

Eg føler det likevel som jolekvelden. Han går mykje stillare, til tross for at den gamle hadde ei svindyr vifte som nettopp skulle gå stille.

Etter litt prøving og feiling er eg no på nettet att. Med gode hjelparar i huset vert det sikkert råd med å få inn påskesendingane i Valle Radio og dette året. No er det bare tre dager att, så er dei i full gang.