Påskesendingane i gang

Share

http://159.171.56.7/ValleRadio

Dette er internettadressa som eg no sit og høyrer Valle Radio over. Eg sit i Mandal og plundra litt, for eg brukar ubuntu, som er ein linux-versjon som operativsystem, og tidlegare har eg ikkje fått inn radioen. Men no var hjelp å få av Helge som er heime på påskeferie, så eg fekk med meg slutten av ringerunden der Ørnulf og Bjørgulf snakka med Tokke Hjelpekorps, Kristiansand Hjelpekorps som er på Hovden og med Dag Hovden frå politiet. Dei kunne alle melde om ein roleg periode på fjellet dei fyrste dagane av påskeferien.

Så starta open sending med Helge Dahle, Tore Katerås og Rolf Erik Homme. Dei hadde rebusar og helsingar og loddsal etter god gammal ordning. Ein time ut i sendinga las dei opp ein som hadde kjøpt 333 lodd a 10 kroner. Mange andre hadde og kjøpt 1000 lodd, så klokka 22:20 hadde dei passera 60.000 i loddsal. Torleif Soltun som teknikar sette inn musikk og jinglar med telefonnummer. Og så var det helsing på helsing. Frå sør og nord i dalen, frå Brokke og Hovden og Evje og kor dei no rinte frå.

Etter kvart som salget gjekk framover var det og halvtimesloddtrekning, fleire fine gevinstar frå sponsorane. Inntrykket mitt fram mot klokka 22:30 var at sendinga held godt merke. Takk til alle lyttarar som engasjerer seg i Valle Radio.