Setesdalskonferansen

Share

For knaapt eit par veker sidan stod det om Setesdalskonferansen i ein annonse i Setesdølen. Eg tenkte at det kunne vere ein interessant sak å ha noko om i Valle Radio, og i sendinga onsdag etter påske snakka eg med Rune Skibsrud om dette i ein telefonsamtale. Skibsplastsjefen var leiar for programnemnda for konferansen, du finn programmet her:
http://www.setesdal.no/Modules/article.aspx?ObjectType=Article&Article.ID=1106&Category.ID=592

Eg prata fyrst med Ingunn Kile og praten førte til at eg melde meg på konferansen, eg tenkte at nettverkbygging i Setesdal kan vere ein god ting for meg som programleiar i Valle Radio. Frå Valle deltok utanom meg og Tina Høgevold frå Bleieboden også to av dei som var mest sentrale i påskesendingane våre i år: Trygve Rysstad med kona Inger og Kjell Olav Uppstad. Dei fyrste var hovudsponsorar, den siste kniva om å kjøpe flest lodd, og vann dalebukse.

Det vart ein interessant konferanse, Klart vi bygde nettverk. Tema for konferansen var Tru på opptur? Korleis takle finanskrisa i høve media, kommunikasjon og marknadsføring. Det var Erik Dale frå Dale+Bang som leidde konferansen og det gjorde han på ein artig måte. Dei 30-40 deltakarane fekk rikeleg høve til å verte kjent med kvarandre og input til temaet.

Det har slått meg meir enn ein gong at næringslivet i dalen ikkje er flinke til å bruke lokalradio når dei vil få fram noko om det dei held på med. Vi møter mykje velvilje for sponsing og annonsar, men stoff til rekasjonell omtale er det få som tenkjer på. Leiaren av kafeen Møteplassen på Evje fortalde om starten i fjor vår og korleis det gjekk svært godt i sommarsesongen, men 1. september var det ikkje same susen. Men på nyåret ringde Fædrelandsvennen og ville ha ein prat, og då serverte ho blå potetstappe og anna snadder til journalisten, noko som resulterte i to sider med omtale. Ei heilside kostar 60.000 som annonse, no fekk dei det doble gratis i helgebilaget God Helg, og dagen etterpå var det kø av folk som ville ha sundagsmiddag der. Sidan har heile prosjektet gått betre.

Eg tenkte eg skulle nemne det her, det er ikkje alltid så lett for oss å fange opp ting som skjer i næringslivet i dalen, så om du har noko på hjarta, bør du ta kontakt med Valle Radio, slik at vi kan formidle det i ein samtale.