2400 telefonar

Share

Å ta i mot 2400 telefonar på to kveldar er litt av ei oppgåe. I følge Setesdølen var det så mange telefonar til Valle Radio i påska 2009. Helsingar, loddsalg og rebusar, om vi deler på to kveldar, vert det 1200 til kvelden og deler vi det ut på 6 timar, vert det 200 i timen. Det er rimeleg hektisk då, dette skal ein lage radio av: Helsingar og loddkjøp skal organiserast og kome på lufta, rebusar skal løysast, vinnarar trekkjast ut og prate med.

Når sendinga er slutt, må ein setje seg ned og tøme hovudet for inntrykk og surr før ein kan ta kvelden. Setesdølen sin flotte reportasje fredag 17. april syner litt av aktiviteten. Eg let meg imponere både av folk og av reportasje. Takk til Ole Birger Lien som skreiv artikkelen, og til Ørnulf Hasla som rokk å ta bilete midt i all ståheien. Det er godt for ettertida å sjå kva vi held på med.

Eg har site og mimra litt i kveld over heilt andre avisutklipp. Det var ein vane for meg i alle år å klippe ut frå aviser. Men no har eg jamt slutta, Så eg tok for meg nokre av utklippa og såg gjennom dei før eg heiv dei. Eg har hatt mange interesser opp gjennom åra, det spegla seg i utklippa. Men eg ser at eg nyttar media på ein ny måte no. Eg googlar. Og er på Facebook. 368 medlemmer er det i Valle Radio-gruppa no. Det gjer eg ikkje så mykje ut av, men eg er der.

Takk til dykk som vil legge meg til som ven. Eg svarar i helgene, for i vekene er eg utan kontakt til Facebook. Det er Valle kommune sin policy. Ordførar Per Sigurd Sørensen styrer ikkje i Valle, i Kristiansand er dei tilsette på Facebook og det veit heile landet etter at ordføraren gjorde ein tabbe. Eg veit ikkje om han fekk 2400 telefonar, men ein storm vart det og Fædrelandsvennen hadde stoff til fleire sider i eit par dagar, det hender jo ikkje så mykje like etter påske.

Heldigvis har eg wikipedia, det dekker ganske mange sider av avisutklippa mine og kan nåast når eg ynskjer det, til forskjell frå utklippa som eg mimrar over kvar gong eg flytter eller når eg finn dei. Og når eg skal kaste dei.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *