Sterk markering

Share

Det vart ei sterk markering av at bygda tek avstand frå sjikane og trugsmål i Valle i dag. Klokka 16:30 var radioen på lufta med Ørnulf Hasla som reporter ute. Då var det kome eit par hundre til parkeringsplassen ved kyrkja i Valle.

I løpet av timen til klokka 17:30 snakka så Ørnulf med Ingrid Brottveit, Frode Buen, Toralf Andersen og Olaf Henrik Homme før toget vart starta av Tron A. Støle. På veg opp Skaret snakka han så med Arne Skare, Per Emanuelsen, Tor Brokke, Ingunn og Odd Eriksen frå Bykle.

Då toget kom opp til sentrum, overtok eg litt frå studio og spelte musikk av Bjørn Eidsvåg. Så ønska Tron A. Støle velkommen og gav ordet til prost Ole Gunnar Sæbø. Deretter overrekte Øyvind Jacob blomar frå Valle Bygdeheim. Så var det helsingar frå sokneråda: Bjørgulv T. Berg frå Valle og Brita Mosdøl frå Bykle.

Då Tron tok initiativet til dette arrangementet, satsa han på at gruppeleiarane frå dei politiske partia skulle vere med. Først kom Pål Dale frå KrF, som siterte frå Visst skal våren komme av Eyvind Skeie. Deretter var det Olaf Henrik Homme frå Ap, som var i staden for Liv Tanche Larsen, som var sjuk. Frå Sp kom Steinar Kyrvestad før ordførar Bjørgulv S. Lund talte. Til slutt takka Arne Skare for støtte. Han var rørt og var ganske kort i det han sa.

Så vart det heile avslutta. Politikarane gjekk til kommunestyremøte, folk flest gjekk heim kvar til sitt.

I Valle Radio avslutta vi med å spele nokre songar av Bjørn Eidsvåg før vi kopla over til kommunestyresalen.

Presten vår

Share

Sokneprest Arne Skare var på framsida av Setesdølen i går og i dag var det stort oppslag på framsida og to sider inne i avisa om truslane han har fått. Det har og vore innslag i Sørlandssendinga om saka.

I går kveld var Tron A. Støle i Valle Radio klokka 19:30 for å fortelje om eit initiativ han har teke om å få til eit folkemøte i Valle sentrum i dag for å markere avsky for den mobbinga presten vår har vorte utsett for. Han kunne fortelje at det vil starte eit tog ved kyrkja klokka 16:30 i dag. Dei vil gå opp til sentrum, der vert det appellar frå ordførar og gruppeleiarane i dei politiske partia. Det er kommunestyremøte klokka 18, så det høvde godt å ha eit slikt arrangement denne onsdagen.

Her er lenke til eit innslag hos NRK om dette:
http://www1.nrk.no/nett-tv/klipp/489066

Her er oppslag i Dagbladet:
http://www.dagbladet.no/2009/04/28/nyheter/innenriks/trussel/5959397/

-og i Fædrelandsvennen:
http://www.fvn.no/lokalt/setesdal/article664899.ece?servicen=forgotten_pwd

-Bygda må engasjere seg når noko slikt skjer, seier Tron A. Støle. Vi skal vere ei gjestfri bygd og vi treng nye familiar. Då må vi slå ring om folk som opplever noko slikt, vi vil ikkje godta det, sluttar han.