Agder leser baltisk

Share

Årets lesesirkel knytt til Valle folkebibliotek heiter Agder leser baltisk. Det er eit samarbeid med foreningen Norden Agder distrikt, Nordisk informasjonskontor Sør-Norge og Aust-Agder bibliotek og informasjonsformidling. Lisbeth Dahlquist Homme skaffar bøker, og vi som er med i lesesirkelen har møter der vi snakkar om det vi les. Eg hadde vel aldri fått lese noko i denne samanhengen om det ikkje var for at eg er med i lesesirkelen, og gode opplevingar har eg hatt fleire av.

I april har ein på wikipedia ein konkurranse om å skrive artiklar om Estland. På estisk wikipedia skriv dei om Norge, og begge konkurransane er i samarbeid med ambassadane, Estlands ambassade i Oslo samarbeider med norsk wikipedia, både bokmål og nynorsk, og Norges ambassade i Tallinn samarbeider med estisk wikipedia.Konkurransen starta 4. april, og alt no har det blitt skrive ei rekke nye artiklar om Estland på norsk wikipedia. Du kan sjå nokre av dei her: http://no.wikipedia.org/wiki/Wikipedia:Estland_2009

Sjølv har eg hatt nytte av heftet Agder leser baltisk som vi fekk i samband med lesesirkelen. Der finn eg nokre av forfattarane frå Estland og kan hente informasjon om dei når eg skriv på wikipedia.

Alt heng saman med alt, var ein replikk eg høyrde på tv her ein dag. Av og til kjennest det slik. Og Valle hadde ein vennskapskommune i Estland, Avanduse. Det er vel ei tid sidan relasjonane har vore aktive, men plutseleg kom dei til nytte. Eg får prøve å finne ut meir om Avanduse i morgon, meir kjem då…

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *