Eit paradoks

Share

I kveldens sending var det rådmann Arne Tronsen som var med i programmet Kommunen informerer. Her tok han opp det paradokset som det er at vi som bur i Valle ikkje får bruke snøscooter i heia, men at Statkraft som byggjer linje mellom Holen og Brokke får kjøre snøscooter døgnet rundt i eit forsøk på å få ei ørn til å finne ny reirplass.

Bakgrunnen er at ei kongeørn har valt seg ut ein reirplass som ligg i traseen der linja skal byggjast. Statnett ville dekke over reiret og slik tvinge ørna til å finne ny plass, men fekk ikkje lov av Fylkesmannen i Aust-Agder. Men om dei etablerte anleggsarbeid frå 20. februar, så kunne dei kanskje skremme ørneparet bort, skreiv fylkesmannen.

No klarte ikkje Statnett å kome i gang så tidleg, men dei starta med daglege scooter-turar rundt området der ørna var. Norsk Ornitologisk Forening meiner at det ikkje er inne under omgrepet anleggsverksemd og trur at det er på kanten av det som er juridisk haldbart. Sjå http://www.birdlife.no/naturforvaltning/nyheter/?id=431

Arne Tronsen var irritert på haldninga til Direktoratet for Naturforvaltning, som han meinte hadde ei haldning ovanfrå og nedover og som ikkje tok omsyn til folk i lokalsamfunnet. Det er ikkje lett for ein kommune å avslå søknader om at folk skal få kjøre til hytta si når Statnett – som er storsamfunnet sine representantar – kan halde på slik. Argumentet om at ein forstyrrer dyre- og fugleliv, vert lite truverdig.

Engasjementet var tydeleg, og då gjekk halvtimen fort, så fort at musikken av Bruce Springsteen like godt kunne vore droppa, for engasjert samtale om aktuelleer god radio, til og med betre enn musikk.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *