Flegmatisk?

Share

Normalt tenkjer eg om meg sjølv at eg er noko flegmatisk. Eg let meg ikkje hisse opp så lett og går sjeldan i taket. Om dei som kjenner meg er samde, veit eg ikkje.

Men tysdagskvelden vart eg litt ilter. Ved tre-tida den dagen fekk eg ein SMS frå LOS om at det skulle vere straumbrot i Valle ca. klokka 21:15 og i nokre minutt. Normalt sluttar eg sendinga mi klokka 21:10, så eg tenkte at eg skulle i alle fall slutte 21:10 denne dagen, slik at det ikkje skulle bli problem. Men midt i kunngjeringane mine klokka 21:03 gjekk lyset og det var bare å famle seg ut av radioen og køyre Niklos heim. Så var vi ikkje komne lenger enn opp til kommunehuset, så kom straumen att.

Men eg var framleis ilter, og når eg tenkjer på det, irriterer eg meg til og med ein fredagskveld, tre døger etter hendinga. Eg meiner at ca. 21:15, det er ikkje 21:03. Når dei sender ut nokre hundre sms-ar for at folk skal vite om ein straumstans på førehand, då bør det klokkeslettet dei skriv, vere det som gjeld. ca. 21:15 er for meg perioden mellom 21:12 og 21:18 og ikkje perioden mellom 21 og 22. Om dei skulle ta straumen klokka 21:03, kunne dei skrive ca klokka 21:00, så kunne ein tilpasse seg det.

No enda det heile i at vi ikkje fekk kople ned og inn P4, så onsdagen var det stille på frekvensen, og då vi skulle kople opp att onsdagskvelden, måtte vi ha hjelp frå teknisk sjef Jørund Georg til å få forbindelsen til Bykle.

Ikkje lett å vere flegmatisk under slike høve, nei.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *