Hol i hovudet

Share

Då eg var liten, spurde vi kvarandre om kva vi helst ville ha, ein kopp med blod eller sju hol i hovudet. Dei fleste svara nok ein kopp med blod og gløymde å telje dei sju hola vi alt har i hovudet, nasebor, augehol, øyrehol og munn.

Runde dagar kjem oftare etter som åra går. For tre år sidan fylte eit søskenbarn 60 år, og sidan har det gått slag i slag med slike dagar dei siste åra. I kveld var det mi eldste søster som markerte merkedagen ho runda tidlegare i veka, det var ei oppleving å få vere i lag med henne, familie og venner av henne i Lyngdal i kveld.

Ho er av typen som har kontroll på arrangement, men denne kvelden var i stor grad overlevert til born, og det var ikkje mindre triveleg. Tidlegare i vinter hadde ho og mannen vore på ferietur til Bangladesh, India og Thailand, og å få nyte bilete og forteljing frå turen var ein av ingrediensane i festprogrammet. Det var og inkludert ein kyrkjekonsert i Lyngdal kyrkje, der det var musikk av høg klasse både når det var tale om song og spel.

I vår ungdom var det synd å lage hol i øyro. Ei anna av systrene mine laga hol i øyro for 35 år sidan og gøymde hola bak langt hår ganske lenge, og då mor oppdaga det, fekk ho høyre vårt moderlege opphav si meining ganske tydeleg.

i 60-årsdagen i kveld var bursdagsbarnet sin frisør med som gjest, og ho tok henne fram og rigga henne til på ein stol med eit handkle over skuldrene, og plutseleg sat det ei perle i det eine øyret, og snart etter var det og ei på plass i det andre. Jubelen stod i taket både hos jubilanten sine born og andre gjester. Bare eit heimekomponert potpurri basert på Abbas Mamma Mia-melodiar om korleis det var å vekse opp med syster mi til mor, framført av borna hennar, kunne måle seg i respons frå gjestene.

Det er ikkje hol i hovudet å markere merkedager, det er hol i hovudet å ikkje markere dei.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *