Tankar etter påskesendingane

Share

Eg har site og tenkt på påskesendingane og er storleg imponert over resultatet. Eg føler at vi utvikla dei eit steg vidare i år med Facebook-gruppa vår. Plutseleg fekk vi ut informasjon til folk som ikkje får Setesdølen på Moisund eller som abonnentar. Det synte seg at Internett er ein svært viktig kanal for slike lyttarar, og det var mange som høyrde på sendingane på den måten.

Når folk finn fram til Valle Radio på internett, må det tyde på at dei har tilhørighet til valle og til radioen. Vi som er ferske i internettsamanheng ser truleg ikkje alt som ligg i å gjere nytte av dette systemet, men Ronny fortener stor takk som heldt kontakt med den delen av lyttarene våre.

Det er viktig å få heimesida opp på nettet no. I fjorårets årsmøte var planen at vi skulle få den opp til over sommaren 2008. At ho ikkje er på plass som ein rik kanal for folk som er interesserte i Valle Radio er eit tap – midt i rikdomen som påskesendingane gav oss. Vonleg får vi den på plass om ikkje altfor lenge.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *