Sundagsope, vanndirektiv og SETPRO

Share

Overskrifta var tema i nyhetstimen i kveld. Fyrst ut var Hans Petter Andersen som har søkt om å få ha Jokerbutikken i Valle open på sundagar i sommar. Han meiner at Valle kan definerast som ein turiststad på same måte som Edland, Åmot og Rauland i Telemark. For butikken hans er 175 kvadratmeter, den kan ikkje kallast Brustadbu, der er grensa 100 kvadratmeter. Han fortalde at handelen er mykje høgare om sommaren, så turistane legg att penger når dei er i bygda. Dei fleste andre butikkane i Valle kan i prinsippet ha ope om sommaren, for dei sel eigenproduserte varer, det er bare daglegvarebutikkane som må søkje.

Den som lever, får sjå.

Nestemann var Tom Arild Homme som snakka om forvaltningsplan for Otra-vassdraget, eit krav som har bakgrunn i EUs vanndirektiv. Det har vore folkemøter i Bykle og Valle, og i morgon skal det vere i Bygland. Høyringsuttale til planen tek for seg tilgroinga, mellom anna. Eit av problema er det kalde vatnet som kjem frå botnen av Bossvatn og ein lurer på om det kan hjelpe på situasjonen om ein heller tappar overflatevatn, som jo er varmare.

Tom Arild er flink til å presentere stoffet på ein klar og lettfatteleg måte, så han er alltid triveleg å ha med seg i radioen.

Siste gjest var og på telefonen. Det var Randi Steinsholt på SETPRO som fortalde om noko av det dei sel. I morgon kjem ein bil med stemorsblomar frå gartneriet deira på Evje. Men kompene dei sel er eigenproduserte, og å ha fått eit utsal på Esso-stasjonen i Valle er god hjelp for produksjonen, som snart når taket med det utstyret dei har til rådvelde no. Elles sel dei mykje ved, alt vart utseld i vinter og no er produksjonen i gang for neste sesong. Dei har og eit produkt som kallast bålkubben, som er ein furukubbe med sprekker i. Her set ein ei tennbrikke, og etter 10 minutt har du eit bål som brenn i 45 – 50 minutt. Desse er blitt svært populære i turmiljøet. SETPRO hjelper og om ein skal pakke og sende ut mange sendingar, og dei har i mange år produsert rasteplassbord. Kanskje ikkje alle veit at dei for 900 kroner i året tek på seg å stelle ei grav og bytte blomar etter som sesongen går. Det er bare å ta kontakt, sa Randi Steinsholt.